Hjem
Studentsider
erasmus+uk

University of St Andrews og Institutt for geografi (ERASMUS+UK)

  • LandStorbritannia og Nord-Irland
  • BySt Andrews
  • Studieplassar2
  • StudienivåBachelor
  • AvtaletypeErasmus+uk
  • Lengde på opphald1-2 semester

Hovedinnhold

Om avtalen

Kven kan søke

Denne avtalen gjeld kun for studentar på bachelorprogram i geografi. Du må ha tatt minimum 60 studiepoeng før avreise.

Når i studiet kan eg reise

Etter at du har bestått eksamenar tilsvarande 60 studiepoeng, kan du tilpasse utreisetidspunktet etter kva som passar med emna i utdanningsplanen. For bachelorstudentar i geografi tilrår vi utveksling i 4. og/eller 5. semester, når du san ta frie studiepoeng.

Kva emne kan eg ta

Du studerer ved School of Geography & Sustainable Development, som spesialiserer seg på desse områda i forskinga:

  • Geographies of Sustainability, Society, Inequalities & Possibilities
  • Population and Health
  • Environmental Change
  • Environmental Economics and Environmental Policy

Som utvekslingsstudent ved St. Andrews på denne avtalen kan ta emne frå:

  • Bachelor of Science (Honours) Geography
  • Bachelor of Science (Honours) Sustainable Development

Du kan studere alle som ikkje overlappar med emne du har/skal ta ved UiB på 2000-, 3000- og 4000-nivå.

Studieavgift

Studentar som reiser på Erasmus-avtalar til Storbritannia får ikkje Erasmus-stipend på grunn av Brexit (Storbritannia er ikkje lenger med som programland i Erasmus-programmet), men treng ikkje betale studieavgift ved vertsuniversitetet. Alle utvekslingsstudentar skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Studentrapportar

Informasjon