Hjem
Studentsider
erasmus+

Stockholms universitet og Institutt for geografi (ERASMUS+)

  • LandSverige
  • ByStockholm
  • Studieplassar4
  • StudienivåBachelor, Master og PhD
  • AvtaletypeErasmus+
  • Lengde på opphald1-2 semester

Hovedinnhold

Om avtalen

Kven kan søke

Avtalen gjeld i første rekke for geografitudentar på bachelor-, master- og PhD-nivå. Andre interesserte studentar kan òg søke, men blir prioriterte etter geografistudentane dersom det er fleire søkarar enn ledige plassar. Du må ha tatt minimum 60 studiepoeng før du kan reise på utveksling.

Når i studiet kan eg reise

Etter at du har bestått eksamenar tilsvarande 60 studiepoeng, kan du tilpasse utreisetidspunktet etter kva som passar med emna i utdanningsplanen. For bachelorstudentar tilrår vi utveksling i 4. og/eller 5. semester, når du kan ta emne som frie studiepoeng. For masterstudentar passar det best å reise ut i 2. semester.

Språk

Undervisningsspråka ved universitetet er svensk og engelsk.

Normalt vil det vere uproblematisk å nytte norsk som skriftleg arbeidsspråk når ein er på utveksling i Skandinavia. Ver likevel merksam på, at det ved somme lærestader kan vere naudsynt å søke om særskilt løyve for å levere eksamen på norsk.

All undervisning på masterprogramma er på engelsk.

Kva emne kan eg ta

Avtalen gjeld for samfunnsgeografi. Naturgeografi er på eit anna institutt og er ikkje del av denne avtalen. Utvekslingsstudentar på denne avtalen må ta minimum 50% av emna på dette instituttet. Resten kan ta innan andre fagfelt så lenge det blir godkjent der.

Bachelorstudentar kan ta emne frå kandidatprogram i kulturgeografi og Samhällsplanerarprogrammet

Alle emne på masternivå blir undervist på engelsk. Utvekslingsstudentar kan ta emne frå desse programma:

  • Master's Programme in Urban and Regional Planning
  • Master's Programme in Human Geography
  • Master's Programme in Globalization, Environment and Social Change

På vårsemesteret kan masterstudenter ta emner som:

  • Urbanization and Environment (KG7204) 15 hp
  • GIS in the social science (KG7227) 15 hp
  • Field Project in Urban and Regional Planning (KG7234) 7,5 hp
  • Space, City, Culture (KG7241) 7,5 hp
  • Cultural Landscapes and Society (KG7244) 15 hp
  • Spatial Planning Across Europe (KG7233) 7,5 hp

Studentrapportar

Informasjon