Hjem
Studentsider
erasmus+

Karolinska Institutet og Institutt for biomedisin (ERASMUS+)

  • LandSverige
  • ByStockholm
  • Studieplassar2
  • StudienivåMaster
  • AvtaletypeErasmus+
  • Lengde på opphald1-2 semester

Hovedinnhold

Om avtalen

Kven kan søke

Avtalen gjeld for studentar som går på masterprogrammet i Biomedisin (administrert av Institutt for biomedisin).

Når i studiet kan eg reise

Det er mogeleg å reise på utveksling gjennom denne avtalen i 2., 3. og 4. semester, men du må være tilbake ved UiB tidsnok til å gå opp til avsluttande mastereksamen.

Kva emne kan eg ta

Du kan ta 30 studiepoeng som valfrie emne i 2. semester, men desse må innpassast studieplanen din og veljast i samråd med rettleiar på masterprogrammet. Ta kontakt med studieseksjonen ved Institutt for biomedisin for detaljar kring dette. Du kan òg gjere eit lab-prosjekt og få dette innpassa som valfritt emne.

Ei anna moglegheit er at du skriv masteroppgåva di (heilt eller delvis) hjå ei forskingsgruppe ved denne lærestaden, men då må du òg ha ein fagleg rettleiar frå MOF i tillegg til den rettleiinga du får ved vertsuniversitetet undervegs i oppgåvearbeidet. Slike opphald må avtalast i detalj med programutvalet i biomedisin og fagmiljøa ved dei ulike lærestadane.

På denne nettsida finn du ei oversikt over emna du kan velje blant: www.nordbiomed.net

Studieavgift

Erasmus-studentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Studentrapportar

Grøn campus
Foto/ill.:
© Karolinska Institutet/Ulf Sirborn

Informasjon