Södertörns högskola og Institutt for filosofi og førstesemesterstudier (ERASMUS+)
- LandSverige
- ByHuddinge
- Studieplassar1
- StudienivåMaster og PhD
- AvtaletypeErasmus+
- Lengde på opphald1-2 semester
Hovedinnhold
Om avtalen
Kven kan søke
Avtalen gjeld i første rekke for studentar på bachelor- og masterprogrammet i filosofi ved Institutt for filosofi og førstesemesterstudium (FOF), men også andre som ønsker å ta filosofiemne når dei er på utveksling kan søke.
Før du kan reise på utveksling, må du ha tatt minimum 60 studiepoeng ved UiB. Du må òg ha gyldig studierett på eit bachelor- eller masterprogram ved UiB i heile perioden du er på utveksling. Studentar på bachelor- eller masterprogram ved FOF vil bli prioriterte om det er fleire søkarar enn det er plassar.
Når i studiet kan eg reise
Bachelorstudentar: Det passar best å reise på utveksling i fjerde, femte eller sjette semester av bachelorprogrammet.
Studentar på andre studieprogram: Ta kontakt med studierettleiaren for programmet du går på. Vanlegvis vil det passe best å reise på utveksling i eit semester når du kan ta frie studiepoeng.
Kva emne kan eg ta
Bachelorstudentar: Dersom du skal ta frie studiepoeng, kan du velje emne fritt innanfor det fagfeltet som avtalen gjeld for. Dersom du skal ta delar av spesialiseringa di i utlandet, må du velje emne som kan godkjennast som tilsvarande emne ved UiB. Vi anbefaler at du tar emne på 200-nivå på utveksling, då det er lettare å finne emne som kan innpassast på 200-nivå enn på 100-nivå.
Masterstudentar: Dersom du skal ta emne i kursdelen av mastergraden din, må du finne emne som kan godkjennast som tilsvarande, eller som erstatning for emne i kursdelen av mastergraden.
For alle studentar: Det er ein føresetnad at emna du vel ikkje overlappar nivåmessig eller innhaldsmessig med emne du har tatt tidlegare, eller planlegg å ta seinare ved UiB.
Studieavgift
Erasmus-studentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.
Om lærestaden
Om lærestaden og byen
Södertörns högskola blei grunnlagt i 1996, og er ein forskingsorientert høgskule med fem fakultet og om lag 13 000 studentar. Høgskulen har stort fokus på tverrfaglegheit og interkulturalisme. Høgskulen ligg sentralt sør for bykjernen av Stockholm og er del av Campus Flemingsberg som husar fleire utdanningsinstitusjonar i Stockholm.
Bustad
Universitetet har studentbustader nær dei ulike fakulteta der internasjonale studentar kan søke om plass. Ein kan òg leige bustad på den private marknaden.
Semesterinndeling
Haustsemesteret: august/september – januar, vårsemesteret: januar – juni
Informasjon
- Hjemmesidehttps://www.sh.se/
- Korleis søkeRettleiing om Søknadsweb
- Send søknad herSøknadsweb
- Kode i Søknadsweb9774
- FagnavnFilosofi