Hjem
Studentsider
erasmus+

Bucerius Law School og Det juridiske fakultet (ERASMUS+ - (5.) studieår)

  • LandTyskland
  • ByHamburg
  • Studieplassar2
  • StudienivåBachelor
  • AvtaletypeErasmus+
  • Lengde på opphald1 semester

Hovedinnhold

Om avtalen

Kven kan søke

Studieåret 2024/2025 kan denne avtalen nyttast av studentar på siste studieår i masterstudiet i rettsvitskap (studentar på studieordninga av 2003).

Når i studiet kan eg reise

Studentar som starta på det femårige masterprogrammet hausten 2021 eller seinare kan reise på utveksling i vårsemesteret på tredje studieår. Under utanlandsopphaldet tek du valfrie juridiske emne i staden for emna du ville studert om du var i Bergen.

I tillegg kan alle jusstudentar, både dei på femårig og dei på toårig masterprogram, reise på utveksling i sitt siste studieår. Under dette utanlandsopphaldet fullfører du spesialemna dine, og i nokre tilfelle også masteroppgåva.

Under overskrifta "kven kan søke" finn du ut om utvekslingsavtalen gjeld for studentar på tredje eller på femte studieår, eller begge.

Det er berre mogleg å utveksle til Bucerius Law School i haustsemesteret

Språk

I haustsemesteret tilbyr Bucerius Law School eit eige program som er særleg designa for utvekslingsstudentar. Dette blir undervist på engelsk. Studentar som har oppnådd karakteren fire eller betre i engelsk frå vidaregåande skule treng ikkje å avlegga engelsktest.

Studentar som er gode nok i tysk kan etter avtale med koordinatoren ved Bucerius Law School, også velje blant emne som blir underviste på tysk forutsatt at det er plass i emna.

Universiteter tilbyr tyskkurs mot ei kursavgift.

Kva emne kan eg ta

Ved dette universitetet kan du ta juridiske emne som blir godskrivne som spesialemne på siste studieår i masterprogrammet i rettsvitskap (2003-studieordninga).

Universitetet tek i mot utvekslingsstudentar berre i haustsemesteret, og då blir det tilbydd 20-25 ulike emne som blir underviste på engelsk. Kvart emne er på enten 2 eller 4 ECTS credits. Her finn du meir informasjon om emna som blir tilbydde.

Emnet "Introduction to German Law" er obligatorisk for alle utvekslingsstudentar.

Studieavgift

Erasmusstudentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Om lærestaden

Om lærestaden og byen

Bucerius Law School vart stifta i 2000 av ZEIT-Stiftung Ebelin og Gerd Bucerius, som det første private universitetet for rettsvitskap. Det er kring 600 studentar på Bucerius Law School. Den vesle og ekslusive Bucerius Law School ligg i Hamburg og er generelt rangert som ein av dei beste institusjonane for jussutdanning i Tyskland.

Hamburg er Tyskland sin nest største by og viktigaste hamneby. Hamburg sentrum er bygd rundt dei to innsjøane Binnenalster og Aussenalster, noko som gir byen eit ope og triveleg preg. I kraft av å vere ein urban by med to millionar menneske, har Hamburg eit svært godt kulturtilbod, til alle døgnets tider. Kostnadsnivået i Hamburg er relativt høgt.

Bustad

Bucerius Law School tilbyr ikkje studentbustader men bistår med tips og råd til korleis ein finn bustad på den private marknaden.

Semesterinndeling

Det er berre mogleg å utveksle til Bucerius Law School i haustsemesteret. Det skreddarsydde utvekslingsprogrammet byrjar tidleg i september og varar fram til jul.

Informasjon