Hjem
Studentsider
erasmus+uk

University of Essex og Sosiologisk institutt (ERASMUS+UK)

  • LandStorbritannia og Nord-Irland
  • ByColchester, Essex
  • Studieplassar1
  • StudienivåBachelor
  • AvtaletypeErasmus+uk
  • Lengde på opphald1-2 semester

Hovedinnhold

Om avtalen

Kven kan søke

Studentar som går på studieprogrammet i sosiologi har fortrinn på å reise ut gjennom denne avtalen før andre samfunnsvitskapelege fagområde. Søkarar må ha tatt minimum 60 studiepoeng før du kan reise på utveksling.

University of Essex sitt studieår er delt inn som trimester. Det er mogeleg å søke for haust, vår og sommar, eller for eit heilt år.

Når i studiet kan eg reise

Normalt passar det best å reise på utveksling for eit heilt eller eit halvt år mellom tredje og sjette semester. Sjå instituttet sine nettsider for meir informasjon, råd og anbefalingar om utveksling.

Språk

Undervisningsspråket er engelsk, og du må dokumentera engelskkunnskapar tilsvarande B2-nivå. For opphald som varer opp til 6 månader er det tilstrekkeleg med ein bekreftelse frå UiB. Viss opphaldet varer lengre, må språkkunnskapar dokumenterast med ein offisiell test.

Kva emne kan eg ta

Som utvekslingsstudent ved Department of Sociology kan du ta emne i sosiologi, blant anna med fokus på kriminologi, media, sosialpsykologi, kjønnsstudiar, historie og antropologi. På denne nettsida finn du informasjon om ulike modular og emnetilbod. Ver merksam på at det kan vere forkunnskapskrav knytt til einskilde emne på 300-nivå.

Ein fulltidsstudent skal ta 60 ECTS (120 credits) per år. Kvart emne ved University of Essex svarer som regel til 7,5 eller 15 ECTS.

Studieavgift

Studentar som reiser på Erasmus-avtalar til Storbritannia får ikkje Erasmus-stipend på grunn av Brexit (Storbritannia er ikkje lenger med som programland i Erasmus-programmet), men treng ikkje betale studieavgift ved vertsuniversitetet. Alle utvekslingsstudentar skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Studentrapportar

Grøn campus
Foto/ill.:
© University of Essex

Informasjon