Universität Stuttgart og Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studier (BILATERAL)
- LandTyskland
- ByStuttgart
- Studieplassar4
- StudienivåMaster og PhD
- AvtaletypeBilateral
Hovedinnhold
Om avtalen
Kven kan søke
Avtalen gjeld i første rekke for studentar som går på masterprogrammet i digital kultur.
Du må ha gyldig studierett ved UiB i heile perioden du er på utveksling. I tillegg må du ha tatt minimum 60 studiepoeng før du kan reise på utveksling.
Når i studiet kan eg reise
Vi tilrår utreise i 3. semester.
Språk
Undervisningsspråket ved universitetet er tysk. Det finst òg eit avgrensa emnetilbod på engelsk.
Dersom du ikkje har nok tyskkunnskapar, finst det fleire måtar å førebu seg språkleg på før utvekslingsopphaldet. Sjå UiB.no for informasjon om språkkurs og språktandem.
Lånekassen har eit eige stipend ein kan søke for å få dekt utgifter til førebuande språkkurs i utlandet. Sjå vertsuniversitetet sine nettsider for informasjon om kva kurstilbod som finst for utvekslingsstudentar i komande semester.
Kva emne kan eg ta
På denne avtalen kan du ta emne innanfor humanistiske fag. Merk at emna kan ha eigne opptakskrav som du må følgje.
Studieavgift
Studentar som reiser på denne avtalen betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.
Studentar som reiser på denne avtalen skal motta ein månedleg stipend på 1.100 Euro fra Baden-Wurttemberg Foundation (min. reise på 3 mnd., maks reise på 5 mnd.) som del av prosjektet "Born Digital: Towards a Living Encyclopaedia of Electronic Literatures".
Om lærestaden
Om lærestaden og byen
Universität Stuttgart blei grunnlagt i 1829, og er eit teknisk universitet med rundt 25 000 studentar. Det har ti fakultet, men satsar i hovudsak på ingeniørfag og teknikk. På campusen i sentrum finst fakulteta for humanistiske fag, økonomi og arkitektur. Den største campusen er Vahingen, som ligg litt utanfor sentrum og husar tekniske og naturvitskapelege fag.
Stuttgart er den største byen i delstaten Baden-Württemberg. Han blei grunnlagd som ein oppsamlingsleir for stridshestar til det tyske kavaleriet under Keisar Otto den første sitt styre rundt 950. Byen har i dag om lag ein halv million innbyggarar. Stuttgart er kjend for vinproduksjon og for bilmerka Mercedes og Porsche. Prisnivået her er høgt samanlikna med andre byar i Tyskland.
Bustad
Universitetet samarbeider med den lokale studentsamskipnaden om å tilby bustad for Erasmus-studentar så langt kapasiteten rekk. Det kan vere dyrt å leige bustad på den private marknaden i Stuttgart samanlikna med andre stader i Tyskland.
Semesterinndeling
Oktober - mars og april - juli/august.
Studentrapportar
2015
Haust 2015 Master i anvend og utrekningsorientert matematikk
15.08.2015 - 31.12.2015Førebuingar/praktiske tips
Stor fordel å ha et sted å bo før man drar fra Norge. Da vil ting stort sett ordne seg. Administrative ting kan være noe annerledes enn vi er vant til, så jo mer som er ordnet før avreise, jo mindre frustrasjon under oppholdet.
Undervisningsformer
Mye forelesningsbasert, men stort sett ganske tett kontakt med foreleser. Vesentlig lavere pc-kompetanse enn i Norge.
Vurdering av emnetilbodet
Mangfoldig og bra, men svært uoversiktelig for en som kommer utenfra og ikke kjenner systemet. Ikke lett å få veiledning.
Fagleg utbyte og språk
Stort! Anbefales også å ta forberedende språkkurs for alle som ikke snakker god tysk fra før. Har også ekstra sosiale fordeler.
Universitetsområdet og byen
Campus Vaihingen er noe steril, men ligger fint til og er svært godt forbundet med bykjernen via S-Bahn. Stuttgart er ingen romantisk universitetsby, men mer "funksjonell", og har alt man forventer.
Bustad
Fikk ikke studentforeningshybel p.g.a. en glipp. Dette var uheldig, da boligmarkedet i Stuttgart er alt annet enn enkelt.
Sosialt miljø
Godt, men en viss ulempe å bo langt fra resten av universitetsmiljøet.
Informasjon
- Hjemmesidehttp://www.uni-stuttgart.de/
- Korleis søkeRettleiing om Søknadsweb
- Send søknad herSøknadsweb
- Kode i Søknadsweb9852
- FagnavnDigital kultur