Hjem
Studentsider
erasmus+uk

University of Durham og Det psykologiske fakultet (ERASMUS+UK)

  • LandStorbritannia og Nord-Irland
  • ByDurham
  • Studieplassar4
  • StudienivåBachelor
  • AvtaletypeErasmus+uk

Hovedinnhold

Om avtalen

Kven kan søke

Avtalen gjeld for studentar som går på eit bachelor eller PhD-studentar ved Det psykologiske fakultet, som har mogelegheit til å reise på utveksling i eit heilt studieår, og som har bestått eksamenar tilsvarande 60 studiepoeng før utreise.

Grunna at studieåret ved Durham University er delt inn i tri-semester, med emne som går over eit heilt studieår, er det ikkje mogeleg for profesjonsstudentar eller masterstudentar, som berre kan reise ut for eitt semester, å reise på utveksling til dette universitetet.

Når i studiet kan eg reise

Bachelorstudentar reiser ut i den valfrie delen av studieprogrammet (1 år), eller tilpassar utreisetidspunkt etter kva som passar med emna i utdanningsplanen.

Det er ein føresetnad at emna du vel ikkje overlappar i innhald eller nivå med emne du har tatt tidlegare, eller planlegg å ta seinare ved UiB.

God planlegging er viktig for ei utbyterik utveksling.

Språk

Undervisningsspråket er engelsk.

Språkkrav: C1

Dersom du ikkje har nok engelskkunnskapar, finst det fleire måtar å førebu seg språkleg på før utreise - sjå UiB.no for info om språkkurs og språktandem. Hugs at eit utvekslingsopphald er ein unik sjanse til å skaffa språkkunnskapar du kan ha nytte av vidare i studia og i yrkeslivet.

Kva emne kan eg ta

Psykologi på lågare grad (BA) avhengig av emnetilbod og krav til forkunnskapar.

Bachelorstudentar: Dersom du skal ta frie studiepoeng, kan du velje emne fritt innanfor det fagfeltet som avtalen gjeld for. Dersom du skal ta delar av spesialiseringa di i utlandet, må du velje emne som kan godkjennast som tilsvarande emne ved UiB.

Det er ein føresetnad at emna du vel ikkje overlappar nivåmessig eller innhaldsmessig med emne du har tatt tidlegare, eller planlegg å ta seinare ved UiB.

Emnetilbodet ved dette universitetet er presentert her: https://www.dur.ac.uk/psychology/

Studieavgift

Studentar som reiser på Erasmus-avtalar til Storbritannia får ikkje Erasmus-stipend på grunn av Brexit (Storbritannia er ikkje lenger med som programland i Erasmus-programmet), men treng ikkje betale studieavgift ved vertsuniversitetet. Alle utvekslingsstudentar skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Studentrapportar

Slott
Foto/ill.:
© University of Durham

Informasjon