Hjem
Studentsider
erasmus+

Humboldt-Universität zu Berlin og Institutt for økonomi (ERASMUS+)

  • LandTyskland
  • ByBerlin
  • Studieplassar2
  • StudienivåBachelor og Master
  • AvtaletypeErasmus+
  • Lengde på opphald1 semester

Hovedinnhold

Om avtalen

Kven kan søke

Studentar på både bachelor- og masternivå. Avtalen gjeld først og fremst for studentar ved Institutt for økonomi, men andre studentar kan også søke.

Når i studiet kan eg reise

Studentane må ha fullført 60 studiepoeng før avreise. Studentar ved bachelorprogrammet i samfunnsøkonomi vert råda til å dra på utveksling etter at dei har bestått 3. semester. Studentar ved profesjonsstudiet i samfunnsøkonomi og bachelorprogrammet i politisk økonomi vert råda til å ta utvekslinga i 4. semester.

Masterstudentar vert råda til å reise i sitt andre semester, der ein tar valemne på masternivå i samfunnsøkonomi.

Språk

Undervisningsspråk er tysk og engelsk. Universitetet krev språktest før utvekslinga. Merk: Mesteparten av emna på bachelornivå føregår på tysk, medan masteremna er på engelsk.

Kva emne kan eg ta

Lærestaden har eit breitt spekter av tilgjengelege kurs. Avhengig av ditt studieløp kan du måtte ta kurs på masternivå og/eller innanfor samfunnsøkonomi.

Studieavgift

Erasmus-studentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Studentrapportar

Flott bygning
Foto/ill.:
© Humboldt-Universität zu Berlin

Informasjon