Hjem
Studentsider
erasmus+

Universität Bielefeld og Institutt for fysikk og teknologi (ERASMUS+)

  • LandTyskland
  • ByBielefeld
  • Studieplassar2
  • StudienivåBachelor og Master
  • AvtaletypeErasmus+
  • Lengde på opphald1-2 semester

Hovedinnhold

Om avtalen

Kven kan søke

Avtalen gjeld i første rekke for studentar på bachelor- og masterprogramma i fysikk. I tillegg kan lektorstudentar som har fysikk som eit av sine fag reise ut på denne avtalen. Andre studentar ved Det matematisk-naturvitenskapelege fakuletet kan søke dersom dei har tilfredsstillande fagbakgrunn for emna dei skal ta, men desse søkarane vil bli prioriterte etter fysikkstudentane dersom det er rift om plassane.

Du må ha tatt minimum 60 studiepoeng før du kan reise på utveksling.

Når i studiet kan eg reise

For bachelorstudentar i fysikk er det lagt til rette for å reise på utveksling i sjette semester.

Studentar på andre studieprogram: Ta kontakt med studierettleiaren for programmet du går på. Vanlegvis vil det passe best å reise ut i eit semester når du kan ta frie studiepoeng.

Språk

Undervisningsspråket ved universitetet er tysk.

Dersom du ikkje har gode nok tyskkunnskapar, finst det fleire måtar å førebu seg språkleg på før utvekslingsopphaldet. Lånekassen har eit eige stipend ein kan søke for å få dekt utgifter til førebuande språkkurs i utlandet. Sjå universitetet sine nettsider for informasjon om eventuelle språkkurstilbod for utvekslingsstudentar i komande semester.

Kva emne kan eg ta

Bachelorstudentar: Dersom du skal ta frie studiepoeng, kan du velje emne fritt innanfor det fagfeltet som avtalen gjeld for. Skal du ta delar av spesialiseringa di i utlandet, må du velje emne som kan godkjennast som tilsvarande emne ved UiB.

Masterstudentar: Opphald ved lærestadar i utlandet avtalast med rettleiar, og skal vere ein del av masteravtalen. Dersom du skal ta emne i kursdelen av mastergraden din på utveksling, må du finne emne som kan godkjennast som tilsvarande, eller som erstatning for emne i kursdelen av masterprogrammet ved UiB.

Det er ein føresetnad at emna du vel ikkje overlappar nivå- eller innhaldsmessig med emne du har tatt tidlegare, eller planlegg å ta seinare ved UiB.

Studieavgift

Erasmus-studentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Studentrapportar

Folk på campus
Foto/ill.:
© Universität Bielefeld

Informasjon