Hjem
Studentsider
erasmus+

Freie Universität Berlin og Institutt for økonomi (ERASMUS+)

  • LandTyskland
  • ByBerlin
  • Studieplassar2
  • StudienivåBachelor og Master
  • AvtaletypeErasmus+
  • Lengde på opphald1-2 semester

Hovedinnhold

Om avtalen

Kven kan søke

Bachelor- og masterstudentar. Avtalen gjeld først og fremst for studentar ved Institutt for økonomi, men andre studentar kan også søke.

Når i studiet kan eg reise

Studentane må ha fullført 60 studiepoeng før avreise. Studentar ved bachelorprogrammet i samfunnsøkonomi vert råda til å dra på utveksling etter at dei har bestått 3. semester. Studentar ved profesjonsstudiet i samfunnsøkonomi og bachelorprogrammet i politisk økonomi vert råda til å ta utvekslinga i 4. semester.

Masterstudentar vert råda til å reise i sitt andre semester, der ein tar valemne på masternivå i samfunnsøkonomi.

Språk

Undervisningsspråk er tysk og engelsk (begrensa emnetilbod på engelsk). Det er krav om tysknivå B1.

Studieavgift

Erasmus-studentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Studentrapportar

Flott bygning
Foto/ill.:
© Freie Universität Berlin

Informasjon