Hjem
Studentsider
erasmus+

Freie Universität Berlin og Institutt for sammenliknende politikk (ERASMUS+)

  • LandTyskland
  • ByBerlin
  • Studieplassar2
  • StudienivåBachelor og Master
  • AvtaletypeErasmus+
  • Lengde på opphald1-2 semester

Hovedinnhold

Om avtalen

Kven kan søke

Studentar ved Institutt for samanliknande politikk har fortrinn på plassane. Søkarar frå andre fagområde blir vurderte om det er ledige plassar.

Søkaren må ha tatt minimum 60 studiepoeng ved utreise.

Når i studiet kan eg reise

Det er mogeleg å søke for eit halvt år (oppstart vår) eller eit heilt år (oppstart haust). Normalt reiser ein ut mellom tredje og sjette semester.

Sjå fakultetet si nettside for meir informasjon, råd og anbefalingar om utveksling.

Språk

Undervisningsspråket er tysk, og noen emne blir tilbydde på engelsk. Universitetet anbefaler at du har språkkunnskapar tilsvarande B1-nivå (CEFR) i tysk eller B2 i engelsk.

Universitetet tilbyr språkkurs i tysk. Lånekassen har eit eige stipend ein kan søke for å få dekt utgifter til førebuande språkkurs i utlandet.

Kva emne kan eg ta

Du kan studere fleire emne innan politikk og samfunnsvitskap ved Department of Political and Social Sciences. Otto-Suhr-Institute of Political Science er eit anerkjent statsvitskapeleg institutt med eit breitt fagtilbod innan europeisk integrasjon, politisk teori, samanliknande politikk, internasjonale relasjonar, politisk økonomi, politisk sosiologi, klima, og fred -og konfliktstudium. På denne nettsida finn du oversikt over emnetilbod og informasjon til innreisande studentar ved instituttet.

Ein fulltidsstudent skal ta 60 ECTS per år. Emna er normalt 3 eller 7 ECTS avhengig av kva form for deltaking du vel. Det er ein føresetnad at emna du vel ikkje overlappar i nivå eller innhald med emne du har tatt frå før, eller planlegg å ta seinare ved UiB.

Studieavgift

Erasmus-studentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Studentrapportar

Flott bygning
Foto/ill.:
© Freie Universität Berlin

Informasjon