Hjem
Studentsider
erasmus+

Freie Universität Berlin og Det medisinske fakultet (ERASMUS+)

  • LandTyskland
  • ByBerlin
  • Studieplassar4
  • StudienivåBachelor og Master
  • AvtaletypeErasmus+
  • Lengde på opphald1 semester

Hovedinnhold

Om avtalen

Kven kan søke

Avtalen gjeld berre for medisinstudentar.

Tal på studieplassar i avtalen gjeld for eit heilt år. Vær obs på at tal på plassar kan variere frå år til år avhengig av kapasiteten ved vertsinstitusjonen.

NB! Berlin har kun ein søknadsfrist i året (1. juni). Alle som ynskjer å reise på utveksling til Berlin må dirfor søke innan UiB sin interne frist 1. februar.

Når i studiet kan eg reise

Eit utvekslingsopphald ved Charité Universitätsmedizin i Berlin eignar seg best for:

  • Medisinstudentar som har sitt 9. semester på hausten.
  • Medisinstudentar som har sitt 7. eller 9. semester i på våren.

Vårsemesteret i Tyskland startar opp først i byrjinga av april.

Haustsemesteret i Berlin byrjar i oktober og sluttar i februar. Dersom du reiser ut hausten for å ta tilsvarande 9. semester, vær oppmerksam på at du har elektiv periode eller avsett tid til å skrive hovudoppgåve etter jul.

Språk

Undervisningsspråket ved Charité Universitätsmedizin Berlin er tysk. I samband med søknaden til Charité må du ta ein språktest.

NB! For å kunne ha psykiatripraksis i Berlin (MED7) må du ha svært gode tysk-kunnskapar (nivå C1).

Dersom du ikkje har nok tyskkunnskapar, finst det fleire måtar å førebu seg språkleg på før utvekslingsopphaldet. Sjå UiB.no for meir informasjon om språkkurs og språktandem.

Lånekassen har eit eige stipend ein kan søke for å få dekt utgifter til førebuande språkkurs i utlandet. Sjå universitetet sine nettsider for informasjon om eventuelle språkkurstilbod for utvekslingsstudentar i komande semester.

Kva emne kan eg ta

Du må velje emne som kan godkjennast som tilsvarande spesifikke emne ved UiB.

Følgande emnetilbod ved Charité Universitätsmedizin Berlin samsvarar med emnekombinasjonar for heile semester ved UiB:

  • Module 29: Diseases of the head, neck and endocrine systems, Module 30: Neurological diseases, Module 31: Psychiatric diseases, Clinical rotation Psychiatry (3 weeks)

Gjennomført undervising og bestått eksamen i desse emna ved Charité Universitätsmedizin Berlin er vurdert som tilsvarande MED7, med unntak av barnepsykiatri som du må gjennomføre ved UiB etter utanlandsopphaldet. Psykiatri kan godkjennast dersom du består ein munnleg godkjenningssamtale i "Lov om norsk helsevern" etter utanlandsopphaldet. Samtalan må gjennomførast i løpet av dei første 7 vekene etter hjemkomst.

  • Module 33: Pregnancy, birth, newborns, infants, Module 34: Childhood and adolescent diseases, Module 35: Gender-spesific diseases, Module 36: Age, Death & Dying, Law, Intensive Care, Palliative Care

Desse emna vurderese som tilsvarande MED9 ved UiB, med unntak av medisinsk genetikk. Du må bestå ein digital skriftleg eksamen i medisinsk genetikk etter utanlandsopphaldet.

NB! Sjølv om modul 36 ikkje er relevant for MED9, må du ta denne modulen fordi det er ein del av semesteret i Berlin. For å få nok praksis må du derfor følgje undervisninga i Bergen med kullet ditt fram til du reiser, det vil sei 2 veker med introduksjonsforelesingar og 7 veker med praksis.

Studieavgift

Erasmus-studentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Studentrapportar

Flott bygning
Foto/ill.:
© Freie Universität Berlin

Informasjon