Hjem
Studentsider
erasmus+

Universität Innsbruck og Institutt for geografi (ERASMUS+)

  • LandØsterrike
  • ByInnsbruck
  • Studieplassar2
  • StudienivåBachelor og Master
  • AvtaletypeErasmus+
  • Lengde på opphald1-2 semester

Hovedinnhold

Om avtalen

Kven kan søke

Avtalen gjeld i første rekke for studentar på bachelor- og masterprogramma i geografi. Andre interesserte studentar kan og søke, men blir prioriterte etter geografistudentane. Det er eit krav at du må ha bestått eksamenar tilsvarande minimum 60 studiepoeng før avreise.

Når i studiet kan eg reise

Etter at ein har tatt 60 studiepoeng, kan utreisetidspunktet planleggast etter kva som passar med emna i utdanningsplanen. For bachelorstudentar anbefaler vi utveksling i 4. og/eller 5. semester, når det er mogeleg å ta emne som frie studiepoeng.

Masterstudentar i geografi må legge eit eventuelt utvekslingsopphald til 2. semester og velje emne som kan godkjennast som erstatting for emne i kursdelen av masterprogrammet ved UiB.

Språk

Undervisningsspråket er tysk, men det finst òg eit avgrensa emnetilbod på engelsk.

Dersom du ikkje har nok kunnskapar i tysk, finst det fleire måtar å førebu seg språkleg på før utreise.

Lånekassen har eit eige stipend ein kan søke for å få dekt utgifter til førebuande språkkurs i utlandet, så framt kurset innfrir visse formelle krav. Sjå universitetet sine nettsider for informasjon om kva konkrete kurstilbod som finst for innreisande studentar i komande semester.

Hugs at eit utvekslingsopphald er ein unik sjanse til å skaffe seg språkkunnskapar du kan ha nytte av vidare i studietida og i yrkeslivet.

Kva emne kan eg ta

Studentar som reiser ut gjennom denne avtalen kan i utgangspunktet ta alle emne ved Faculty of Geo- and Atmospheric Sciences. Det er òg mogeleg å ta emne frå andre fagfelt, men dette må avtalast direkte med den enkelte emneansvarlege og plass er ikkje garantert.

Bachelorstudentar: Dersom du skal ta frie studiepoeng, kan du velje emne fritt innanfor det fagfeltet som avtalen gjeld for. Dersom du skal ta deler av spesialiseringa i utlandet, må du velje emne som kan godkjennast som tilsvarande emne ved UiB.

Masterstudentar: Dersom du skal ta emne i kursdelen av mastergraden din må du finne emne som kan godkjennast som tilsvarande, eller som erstatning for emne i kursdelen i 2. semester av masterprogrammet.

Det er ein føresetnad at emna du vel ikkje overlappar nivåmessig eller innhaldsmessig med emne du har tatt tidlegare, eller planlegg å ta seinare ved UiB.

Studieavgift

Erasmus-studentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Studentrapportar

Flott bygning
Foto/ill.:
© Leopold-Franzens Universität Innsbruck

Informasjon