Hjem
Studentsider
erasmus+

Universität Innsbruck og Matematisk institutt (ERASMUS+)

  • LandØsterrike
  • ByInnsbruck
  • Studieplassar1
  • AvtaletypeErasmus+
  • Lengde på opphald1-2 semester

Hovedinnhold

Om avtalen

Kven kan søke

Avtalen er open for bachelorstudentar. Studentar ved Matematisk institutt og lektorstudentar med matematikk som fag blir prioritert dersom det er fleire søkarar enn plassar.

Det er normalt eit krav om minst C i gjennomsnittskarakter.

Når i studiet kan eg reise

Bachelorstudentar ved Matematisk institutt: Det passar best å reise på utveksling i 4.,5. eller 6. semester av bachelorprogrammet.

Lektorstudentar: Ta kontakt med studierettleiaren din for informasjon og råd om utveksling. Vanlegvis vil det passe best å reise ut i eit semester når du kan ta frie studiepoeng. Sidan denne avtalen er for bachelorstudentar må du vere inne i ditt 2 - 6. semester når du reiser, eller vere førebudd på at du berre kan ta emne bachelornivå dersom du er inne i ditt 7. - 10. semester.

Språk

Det er krav om gode tyskkunnskapar sidan dei aller fleste emna blir undervist på tysk.

Universitetet tilbyr språkkurs for internasjonale studentar. Meir informasjon om kursordninga finn du her: http://www.uibk.ac.at/international-relations/erasmus/incoming/german_courses.html

Kva emne kan eg ta

På denne nettstaden finn du universitetet sin emnekatalog: http://orawww.uibk.ac.at/public/lfuonline_lv.home

Det er ein føresetnad at emna du vel ikkje overlappar i nivå eller innhald med emne du har tatt tidlegare, eller planlegg å ta seinare ved UiB.

Studieavgift

Erasmus-studentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Studentrapportar

Flott bygning
Foto/ill.:
© Leopold-Franzens Universität Innsbruck

Informasjon