Hjem
Studentsider
erasmus+

Universität Innsbruck og Geofysisk institutt (ERASMUS+)

  • LandØsterrike
  • ByInnsbruck
  • Studieplassar1
  • StudienivåBachelor og Master
  • AvtaletypeErasmus+
  • Lengde på opphald1-2 semester

Hovedinnhold

Om avtalen

Kven kan søke

Avtalen gjeld i første rekke for studentar på bachelor- og masterprogramma i meteorologi og oseanografi.

Andre interesserte studentar kan og søke, men vil bli prioritert etter programstudentane ved Geofysisk institutt i fall det er fleire søkarar enn ledige plassar.

Det er eit krav at du skal ha bestått eksamenar tilsvarande minst 60 studiepoeng før avreise.

Når i studiet kan eg reise

Etter at ein har bestått eksamenar tilsvarande 60 studiepoeng, kan ein tilpasse utreisetidspunktet etter kva som passar med emna i utdanningsplanen. For studentar som går på bachelorprogram i meteorologi og oseanografi passar det best å reise ut i 5. og/eller 6. semester.

God planlegging er viktig for eit utbyterikt utvekslingsopphald.

Språk

Undervisningsspråket er tysk.

Dersom du ikkje har nok tyskkunnskapar, finst det fleire måtar å førebu seg språkleg på før utreise. Sjå UiB.no for informasjon om språkkurs og språktandem.

Lånekassen har eit eige stipend ein kan søke for å få dekt utgifter til førebuande språkkurs i utlandet. Sjå universitetet sine nettsider for informasjon om eventuelle språkkurstilbod for utvekslingsstudentar i komande semester. Hugs at eit utvekslingsopphald er ein unik sjanse til å skaffe seg språkkunnskapar du kan ha nytte av vidare i studia og i yrkeslivet.

Kva emne kan eg ta

Som bachelorstudent i meteorologi og oseanografi har du obligatoriske emne i 5. og 6. semester. Du må derfor velje emne som kan godkjennast som tilsvarande emne ved UiB. For dei frie studiepoenga kan du velje fritt mellom dei emna universitetet tilbyr. Vi tilrår likevel at du også her vel relevante emne som styrker bachelorgraden din, for eksempel emne innanfor meteorologi, informatikk, matematikk eller fysikk.

Det er ein føresetnad at emna du vel ikkje overlappar med emne du har tatt frå før, eller planlegg å ta seinare ved UiB.

Studieavgift

Erasmus-studentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Studentrapportar

Flott bygning
Foto/ill.:
© Leopold-Franzens Universität Innsbruck

Informasjon