Hjem
Studentsider
erasmus+

Universität Wien og Kjemisk institutt (ERASMUS+)

  • LandØsterrike
  • ByWien
  • Studieplassar2
  • StudienivåBachelor og Master
  • AvtaletypeErasmus+
  • Lengde på opphald1 semester

Hovedinnhold

Om avtalen

Kven kan søke

Avtalen gjeld for studentar som går på bachelorprogrammet i kjemi.

Når i studiet kan eg reise

Etter at du har bestått eksamenar tilsvarande 60 studiepoeng kan du tilpasse utreisetidspunktet etter kva som passar med emna i utdanningsplanen. God planlegging er viktig for eit utbyterikt utvekslingsopphald.

Språk

Undervisningsspråka ved universitetet er tysk og engelsk.

Kva undervisningsspråk som gjeld for dei enkelte emna finn du informasjon om i emneskildringane. Det er naudsynt med gode forkunnskapar i tysk for å følge undervisninga i emne som berre har tysk som undervisningsspråk. Vi anbefaler i utgangspunktet at du vel emne som har engelsk som undervisningsspråk. Det er fleire måtar å førebu seg språkleg på før utreise. Sjå UiB.no for informasjon om språkkurs og språktandem.

Les meir om krav til forkunnskapar i språk på universitetet si heimeside: http://international.univie.ac.at/en/incoming-students/erasmus/

Kva emne kan eg ta

Ver merksam på at det er obligatoriske emne i andre og tredje studieår av bachelorprogrammet i kjemi som må dekkast inn under utvekslingsopphaldet. Det er derfor naudsynt å finne emne som kan erstatte dei obligatoriske emna du elles skulle ha tatt i same semester ved UiB. Ta tidleg kontakt med studierettleiar på e-post når du skal planlegge utvekslingsopphaldet ditt. Kontaktadressa er studierettleiar@kjemi.uib.no

Du kan òg velje emne som skal inngå som frie studiepoeng i bachelorgraden. Då kan du velje fritt mellom emna universitetet tilbyr. Det er ein føresetnad at emna du vel ikkje overlappar i innhald med emne du har tatt før, eller planlegg å ta seinare ved UiB. Ver merksam på eventuelle krav til faglege forkunnskapar knytt til einskilde emne.

Studieavgift

Erasmus-studentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Studentrapportar

Studentar inne
Foto/ill.:
© Universität Wien

Informasjon