Hjem
Studentsider
bilateral

Universität Bern og Det juridiske fakultet (BILATERAL - 3. og 5. studieår)

  • LandSveits
  • ByBern
  • Studieplassar4
  • StudienivåBachelor og Master
  • AvtaletypeBilateral
  • Lengde på opphald1 semester

Hovedinnhold

Om avtalen

Kven kan søke

Denne avtalen kan nyttast av studentar både på 3. studieår og på siste studieår av masterprogrammet i rettsvitskap.

Om tal på plassar:

Det er to plassar til studentar på 3. studieår og to plassar til studentar på siste studieår.

Sjølv om avtaler med Sveits ikkje er Erasmus+ avtaler fordi Sveits ikkje er medlem av Erasmus+-programmet , fungerer avtalen på same måte som ein Erasmus+ avtale. Det vil seie at ein ikkje betaler skulepengar, og at det heller ikkje er spesifikke karakterkrav eller språkkrav.

Når i studiet kan eg reise

Studentar som starta på det femårige masterprogrammet hausten 2021 eller seinare kan reise på utveksling i vårsemesteret på tredje studieår. Under utanlandsopphaldet tek du valfrie juridiske emne i staden for emna du ville studert om du var i Bergen.

I tillegg kan alle jusstudentar, både dei på femårig og dei på toårig masterprogram, reise på utveksling i sitt siste studieår. Under dette utanlandsopphaldet fullfører du spesialemna dine, og i nokre tilfelle også masteroppgåva.

Under overskrifta "kven kan søke" finn du ut om utvekslingsavtalen gjeld for studentar på tredje eller på femte studieår, eller begge.

Språk

Undervisningsspråket ved vertsuniversitetet er tysk, men det finst òg eit avgrensa emnetilbod på engelsk.

Det finst døme på at tidlegare utvekslingsstudentar har kunna ta 30 studiepoeng berre med emne underviste på engelsk. Det engelskspråklege emnetilbodet er likevel ikkje stort nok til at vi kan garantere at det vil vere mogleg kvart semester. Sjølv om lista over engelske emne ser lang ut, kan det til dømes skje timeplankollisjonar mellom emna, eller du kan oppleve at eit emne er fullteikna eller ikkje skal undervisast akkurat det semesteret du er der. Du må difor vere førebudd på å også ta emne som vert underviste på tysk for å oppnå 30 studiepoeng. Gode kunnskapar i tysk er derfor anbefalt.

Universitetet tilbyr språkkurs i tysk for internasjonale studentar.

Kva emne kan eg ta

Utvekslar du til dette universitetet på 3. studieår tar du juridiske emne som blir godkjente som valemne på 3. studieår.

Sudieåret 2024/2025: Utvekslar du til dette universitetet på 5. studieår tar juridiske emne som blir godkjente som spesialemne (30 sp).

Frå 2025/2026: Utvekslar du til dette universitetet på 5. studieår tar du juridiske emne på masternivå som blir godkjente som spesialemne (10 sp) og fordjupingsemne (20 sp).

Dei fleste emna som blir underviste på engelsk er på masternivå. Universität Bern opnar for at også studentar på 3. studieår kan ta emna frå masternivå, med nokre unntak.

På universitetet sine nettsider finn du lenke til ei oversikt over juridiske emne som universitetet tilbyr.

University of Bern nyttar ECTS-systemet, der ein ECTS-credit er det same som eitt studiepoeng.

Det er ein føresetnad at emna du vel ikkje overlappar innhaldsmessig med emne du har tatt tidlegare, eller planlegg å ta seinare ved UiB eller på utveksling.

Studieavgift

Du betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere deg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida du er ute.

Sveits er ikkje med i Erasmusprogrammet, men den sveitsiske staten tilbyr eit stipend til utvekslingsstudentar. Dette blir utbetalt via vertsuniversitetet.

Studentrapportar

Informasjon