Hjem
Studentsider
erasmus+

Vrije Universiteit Brussel og Institutt for sammenliknende politikk (ERASMUS+)

  • LandBelgia
  • ByBrussel
  • Studieplassar2
  • StudienivåBachelor
  • AvtaletypeErasmus+
  • Lengde på opphald1-2 semester

Hovedinnhold

Om avtalen

Kven kan søke

Avtalen gjeld for studentar på studieprogrammet i europastudium. Studentar frå samanliknande politikk blir vurderte om det er ledige plassar.

Når i studiet kan eg reise

Studentar på europastudium skal reise på utveksling i 5. semester. Sjå Mitt UiB for meir informasjon om utveksling på europastudium.

Ver merksam på at eksamensperioden strekk seg inn i januar/februar.

Språk

Undervisningsspråka ved universitetet er flamsk og engelsk. Det er anbefalt at studentar som skal følge undervisning på engelsk har kunnskapar tilsvarande B2-nivå etter EU sine retningslinjer for språkkompetanse (CEFR). Du kan få ein bekreftelse fra UiB på språkkunskaper i Engelsk. Lærestaden tilbyr og språkkurs i flamsk til innreisande studentar.

Kva emne kan eg ta

The Department of Political Science tilbyr berre engelske emne om hausten. På denne nettsida finn du informasjon for innreisande studentar og oversikt over det aktuelle emnetilbodet ved universitetet. Du kan òg velje emne frå dei andre institutta ved fakultetet.

Ved VUB finn du mange emne med EU fokus, i tillegg til internasjonal politikk, media, kommunikasjon, økonomi og andre samfunnsvitskaplege emne. Dette passer best for dei som hovedsakleg vil ta EU relaterte emne og tilbringe eit semester EU hovedstaden. Brussel er stedet å være for alle EU interesserte og her finn ein og en sterk tilstedeværelse av ulike norske interessar, fra kommersielle til statlege aktørar.

Kvart av emna dette universitetet tilbyr utgjer gjerne 3-6 ECTS. Ein skal ta 30 ECTS per semester.

Det er ein føresetnad at emna du vel ikkje overlappar i innhald eller nivå med emne du har tatt tidlegare, eller planlegg å ta seinare ved UiB.

Studieavgift

Erasmus-studentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Studentrapportar

Informasjon