Hjem
Studentsider
erasmus+

Universität Leipzig og Det medisinske fakultet (ERASMUS+)

  • LandTyskland
  • ByLeipzig
  • Studieplassar2
  • StudienivåBachelor, Master og PhD
  • AvtaletypeErasmus+
  • Lengde på opphald1 semester

Hovedinnhold

Om avtalen

Kven kan søke

Avtalen gjeld berre for medisinstudentar.

Når i studiet kan eg reise

Det er berre mogeleg å reise til Leipzig i vårsemesteret, ettersom det er stor forskjell på semesterstart og -slutt i Tyskland og Norge.

Medisinstudentar på B-kull kan reise til Leipzig i sitt 7. semester.

Språk

Undervisningsspråket ved universitetet er tysk.

Dersom du ikkje har nok tyskkunnskapar, finst det fleire måtar å førebu seg språkleg på før utvekslingsopphaldet. Sjå UiB.no for informasjon om språkkurs og språktandem.

Lånekassen har eit eige stipend ein kan søke for å få dekt utgifter til førebuande språkkurs i utlandet. Sjå universitetet sine nettsider for informasjon om eventuelle språkkurstilbod for utvekslingsstudentar i komande semester.

Kva emne kan eg ta

Gjennomført undervising og bestått eksamen i desse emna i Leipzig kan sjå ut til å samsvare med 7. semester (MED7) ved UiB.

  • Otorhino, lectures + practical course (2 weeks)
  • Opthalmology, lectures + practical course (1 week)
  • Neurology, lectures + practical course (2 weeks)
  • Psychiatry, lectures + practical course (2 weeks - included child and adolescent psychiatry)
  • Clinical training psychiatry (3-4 weeks)

Fakultetet må ta ei endeleg vurdering om denne kombinasjonen kan godkjennast som tilsvarande MED7.

Studieavgift

Erasmus-studentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Studentrapportar

Informasjon