Hjem
Studentsider
erasmus+

Universität Leipzig og Kjemisk institutt (ERASMUS+)

  • LandTyskland
  • ByLeipzig
  • Studieplassar2
  • StudienivåMaster og PhD
  • AvtaletypeErasmus+
  • Lengde på opphald1 semester

Hovedinnhold

Om avtalen

Kven kan søke

Avtalen gjeld for studentar ved bachelorprogrammet i kjemi.

Når i studiet kan eg reise

Etter at du har bestått eksamenar tilsvarande 60 studiepoeng kan du tilpasse utreisetidspunktet etter kva som passar med emna i utdanningsplanen. God planlegging er viktig for eit utbyterikt utvekslingsopphald.

Språk

Undervisningsspråket er gjort greie for i emneskildringane. Det er naudsynt med gode forkunnskapar i tysk for å følge undervisninga i emne som berre har tysk som undervisningsspråk. Vi anbefaler fortrinnsvis å følge emne med undervisning på engelsk. Det er fleire måtar å førebu seg språkleg på før utreise. Sjå uib.no for informasjon om språkkurs og språktandem.

Les meir om krav til forkunnskapar i språk på universitetet si heimeside: http://www.zv.uni-leipzig.de/en/study/international-study/incoming-exchange-students.html

Kva emne kan eg ta

Ver merksam på at det er obligatoriske emne i andre og tredje studieår av bachelorstudiet i kjemi som må dekkast inn under utvekslingsopphaldet. Det er derfor naudsynt å finne emne som kan erstatte dei emna du elles skulle ha tatt ved UiB i utvekslingssemesteret. Ta tidleg kontakt med studierettleiar på e-post når du skal planlegge utvekslingsopphaldet ditt og velje emne. Kontaktadressa er studierettleiar@kjemi.uib.no.

Du kan òg velje emne som skal inngå som frie studiepoeng i bachelorgraden. Da kan du velje fritt mellom emna universitetet tilbyr. Det er ein føresetnad at emna du ikkje overlappar med emne du har tatt før eller planlegg å ta seinare ved UiB. Ver merksam på eventuelle faglege forkunnskapskrav til emna.

Studieavgift

Erasmus-studentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Studentrapportar

Informasjon