Hjem
Studentsider
erasmus+

Martin-Luther-Universität Halle-Wittenberg og Klinisk institutt 2 (ERASMUS+)

  • LandTyskland
  • ByHalle (Saale)
  • Studieplassar5
  • StudienivåBachelor og Master
  • AvtaletypeErasmus+
  • Lengde på opphald1 semester

Hovedinnhold

Om avtalen

Kven kan søke

Avtalen gjeld berre for ernæringsstudentar.

NB: Grunna endringer i emnetilbodet ved MLU og i dei obligatoriske emna ved UiB, er det for tida diverre ikkje mogleg for UiB-studentar å dra på utvekslig til Wittenberg. Ta kontakt med studieveileder dersom du har spørsmål knytta til denne avtalen.

Når i studiet kan eg reise

Studentar som går på Bachelorprogram for human ernæring kan reise på utveksling i sitt 4. semester (vår).

Det er elles avhengig av kva for eit semester du ønsker å utveksle i, og av at emnekombinasjonen ved vertsuniversitetet kan godkjennast som tilsvarande emnekombinasjonen du har ved UiB i utvekslingssemesteret. Ein må i alle tilfelle vere i rute med studia før avreise.

Språk

Undervisningsspråket er tysk og/eller engelsk.

Dersom du ikkje har nok tyskkunnskapar, finst det fleire måtar å førebu seg språkleg på før utvekslingsopphaldet. Sjå UiB.no for informasjon om språkkurs og språktandem.

Lånekassen har eit eige stipend ein kan søke for å få dekt utgifter til førebuande språkkurs i utlandet. Sjå universitetet sine nettsider for informasjon om kva konkrete kurstilbod som finst for innreisande studentar i komande semester.

Kva emne kan eg ta

Du må velje emne som samsvarar med dei emna du elles skulle ha tatt i same semester ved UiB.

Studieavgift

Erasmus-studentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Grøn campus
Foto/ill.:
© Martin-Luther-Universität Halle-Wittenberg

Informasjon