Johann Wolfgang Goethe-Universität Frankfurt am Main og Det humanistiske fakultet (ERASMUS+)
- LandTyskland
- ByFrankfurt am Main
- Studieplassar6
- StudienivåBachelor og Master
- AvtaletypeErasmus+
- Lengde på opphald1 semester
Hovedinnhold
Om avtalen
Kven kan søke
Avtalen gjeld for studentar på bachelor- og masterprogrammet i humanistiske fag, men også andre studentar som ynskjer å ta humanistiske emne når dei er på utveksling kan søke på avtalen.
Før du kan reise på utveksling, må du ha tatt minimum 60 studiepoeng. Du må også ha gyldig studierett på eit bachelor- eller masterprogram ved UiB i den perioden du er på utveksling.
Når i studiet kan eg reise
Bachelor: Best eigna for utveksling er fjerde, femte eller sjette semester av graden.
Studentar på andre studieprogram: ta kontakt med studierettleiaren din.
Språk
Undervisningsspråket er tysk. Det er også eit begrensa utval av emner på engelsk.
Kva emne kan eg ta
Bachelorstudentar: Dersom du skal ta frie studiepoeng, kan du velje emne fritt innanfor det fagfeltet som avtalen gjeld for. Dersom du skal ta deler av spesialiseringa i utlandet, må du velje emne som kan godkjennast som tilsvarande emne ved UiB. Ein rår til at studentane tar 200-nivået på utveksling då det er lettare å finne emne som kan godkjennast på 200-nivået enn på 100-nivået.
Masterstudentar: Dersom du skal ta emne i kursdelen av mastergraden din, må du finne emne som kan godkjennast som tilsvarande eller som erstatning for emne i kursdelen av mastergraden.
Det er ein føresetnad at kursa ikkje overlappar nivåmessig eller innhaldsmessig med emne du har teke tidlegare, eller planlegg å ta seinare ved UiB.
Studieavgift
Erasmus-studentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.
Om lærestaden
Om lærestaden og byen
Johann Wolfgang Goethe-Universität Frankfurt am Main blei etablert i 1912 av Frankfurt sitt velståande, liberale borgarskap, og er det einaste borgaruniversitetet i Tyskland. Det har vore kjent for å huse akademikarar med band til den politiske venstresida. I dag har universitetet om lag 40 000 studentar, og fire campusar, som ligg i bydelane Westend, Bockenheim, Riedberg og Niederrad.
Frankfurt am Main ligg i delstaten Hessen, sørvest i Tyskland. Nesten ein tredjedel av byen sine 700 000 innbyggarar kjem frå utlandet. I storbyområdet bur nesten 2,5 millionar menneske. Byen er eit finansielt sentrum, med viktige finansinstitusjonar som Den europeiske sentralbanken og Frankfurtbørsen. Både levestandarden og kostnadsnivået er over gjennomsnittet for tyske byar.
Bustad
Det er underskot på studentbustader i Frankfurt am Main. Universitetet hjelper internasjonale studentar med å finne losji så langt kapasiteten rekk. Kapasiteten kan vere knapp på den private marknaden i tida rundt semesterstart, så det løner seg å vere tidleg ute.
Semesterinndeling
Oktober - mars og april - august.
Informasjon
- Hjemmesidehttp://www.uni-frankfurt.de/
- Korleis søkeRettleiing om Søknadsweb
- Send søknad herSøknadsweb
- Kode i Søknadsweb7499
- FagnavnHumanistiske fag