Julius-Maximilian-Universität Würzburg og Det juridiske fakultet (ERASMUS+ - 3. studieår)
- LandTyskland
- ByWürzburg
- Studieplassar6
- StudienivåBachelor
- AvtaletypeErasmus+
- Lengde på opphald1 semester
Hovedinnhold
Om avtalen
Kven kan søke
Denne avtalen kan nyttast av studentar på 3. studieår av masterstudiet i rettsvitskap.
Studieåra 2023/2024 og 2024/2025 kan avtalen også nyttast av studentar på siste studieår av masterstudiet i rettsvitskap (studentar på studieordninga av 2003).
Når i studiet kan eg reise
Studentar som starta på det femårige masterprogrammet hausten 2021 eller seinare kan reise på utveksling i vårsemesteret på tredje studieår. Under utanlandsopphaldet tek du valfrie juridiske emne i staden for emna du ville studert om du var i Bergen.
I tillegg kan alle jusstudentar, både dei på femårig og dei på toårig masterprogram, reise på utveksling i sitt siste studieår. Under dette utanlandsopphaldet fullfører du spesialemna dine, og i nokre tilfelle også masteroppgåva.
Under overskrifta "kven kan søke" finn du ut om utvekslingsavtalen gjeld for studentar på tredje eller på femte studieår, eller begge.
Språk
Undervisningsspråket er tysk.
Universitetet har tilbod om tyskkurs for utvekslingsstudentar. Dette kurstilbodet finn du opplysningar om på denne nettsida. Lånekassen har eit eige stipend ein kan søke for å få dekt utgifter til førebuande språkkurs i utlandet.
Kva emne kan eg ta
Ved dette universitetet kan du ta juridiske emne som blir godskrivne som valemne på 3. studieår (2021-studieordninga) eller spesialemne på siste studieår i masterprogrammet i rettsvitskap (2003-studieordninga).
Opplysningar om rettsvitskaplege emne finn du på denne sida.
Det er ein føresetnad at emna du vel ikkje overlappar innhaldsmessig med emne du har tatt tidlegare, eller planlegg å ta seinare ved UiB. Vertsuniversitetet nyttar ECTS-systemet, der ein ECTS-credit er det same som eitt studiepoeng.
Studieavgift
Erasmus-studentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.
Om lærestaden
Om lærestaden og byen
Julius-Maximilian-Universität Würzburg blei grunnlagt i 1402, og er eit offentleg breiddeuniversitet med om lag 26 000 studentar. Det har ti fakultet, og er kanskje best kjent som heimuniversitet for nobelprisvinnaren Wilhelm Röntgen. Det har blitt brukt store summar på å restaurere dei gamle universitetsbygningane i sentrum etter omfattande bombeskadar frå andre verdskrig.
Würzburg er kjend som ein kultur og universitetsby. Han har om lag 130 000 innbyggarar og ligg søraust for Frankfurt, nære midten av landet. Byen har mange vakre bygningar og er elles kjend for å vere feststemd. Han hevdast å ha den tettaste konsentrasjonen av kneiper og uteplassar per innbyggar i Tyskland. I tillegg blir det arrangert festivalar og «vinfestar» på løpande band i sommarhalvåret.
Bustad
Universitetet samarbeider med den lokale studentsamskipnaden om å tilby bustad for Erasmus-studentar. Det kan vere vanskeleg å finne rimeleg prisa bustad i området på den private marknaden rundt semesterstart.
Semesterinndeling
Oktober - mars og april - august.
Informasjon
- Hjemmesidehttps://www.uni-wuerzburg.de/
- Korleis søkeRettleiing om Søknadsweb
- Send søknad herSøknadsweb
- Kode i SøknadswebIkkje søkbar
- FagnavnJuridiske fag