Hjem
Studentsider
erasmus+

Universidad de Extremadura og Det medisinske fakultet (ERASMUS+)

  • LandSpania
  • ByCáceres
  • Studieplassar2
  • StudienivåBachelor
  • AvtaletypeErasmus+
  • Lengde på opphald1-2 semester

Hovedinnhold

Om avtalen

Kven kan søke

Avtalen gjeld kun medisinstudentar.

Tal på studieplassar i avtalen gjeld for eit heilt år. Vær obs på at tal på plassar kan variere frå år til år avhengig av kapasiteten ved vertsinstitusjonen.

Når i studiet kan eg reise

Etter at ein har avlagt 60 studiepoeng, kan ein tilpasse utreisetidspunktet etter kva som passer med emna i utdanningsplanen. Det vil seie at emnekombinasjonen ved vertsuniversitetet må samsvare nokolunde med emnekombinasjonen du har ved UiB i utvekslingssemesteret.

God planlegging er viktig for eit utbyterikt utvekslingsopphald.

Språk

Undervisningsspråket er spansk. Dersom du ikkje har nok spanskkunnskapar, finst det fleire måtar å førebu seg språkleg på før utreise. Sjå uib.no for info om språkkurs og språktandem. Hugs at eit utvekslingsopphald er ein unik sjanse til å skaffe seg språkkunnskapar du kan ha nytte av vidare i studia og i yrkeslivet.

Lånekassen har eit eige stipend ein kan søke for å få dekt utgifter til førebuande språkkurs i utlandet. Sjå universitetet sine nettsider for informasjon om eventuelle språkkurstilbod for utvekslingsstudentar i komande semester.

Kva emne kan eg ta

Dersom du vil ta ein del av spesialiseringa di ved dette universitetet, må du velje emne som kan godkjennast som tilsvarande spesifikke emne ved UiB.

Følgande emne ved Universidad de Extremadura kan sjå ut til å samsvare med emnekombinasjoner ved UiB:

  • Vår: Oftalmología, Otorrinolaringología, Neurología

Desse emna svarar til fagområda nevrologi, augesjukdomar og øyre-nase halssjukdomar i 7. semester (MED7). Du må gjennomføre psykiatri ved UiB etter utanlandsopphaldet.

  • Haust: Obstetricia y Ginecología og Pediatría. Ein må også be om å få ekstra praksis innanfor kvart av emna.

Gjennomført undervising og bestått eksamen i desse emna er vurdert som tilsvarande 9. semester (MED9), men det må undersøkast om Extremadura og kan tilby genetikk.

Studieavgift

Erasmus-studentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Studentrapportar

Flott bygning
Foto/ill.:
© Universidad de Extremadura

Informasjon