Hjem
Studentsider
erasmus+

Universidad Autónoma de Madrid og Det medisinske fakultet (ERASMUS+)

  • LandSpania
  • ByMadrid
  • Studieplassar2
  • StudienivåBachelor og Master
  • AvtaletypeErasmus+
  • Lengde på opphald1-2 semester

Hovedinnhold

Om avtalen

Kven kan søke

Avtalen gjeld berre for medisinstudentar.

Tal på studieplassar i avtalen gjeld for eit heilt år. Vær obs på at tal på plassar kan variere frå år til år avhengig av kapasiteten ved vertsinstitusjonen.

Når i studiet kan eg reise

Medisinstudentar kan reise på utveksling til Madrid og ta emna nevrologi, psykiatri, øyre-nase-halssjukdomar og auge over eit heilt år (haust + vår).

Språk

Undervisningsspråket er spansk. Dersom du ikkje har nok spanskkunnskapar, finst det fleire måtar å førebu seg språkleg på før utreise, sjå uib.no for info om språkkurs og språktandem.

Lånekassen har eit eige stipend ein kan søke for å få dekt utgifter til førebuande språkkurs i utlandet. Sjå universitetet sine nettsider for informasjon om eventuelle språkkurstilbod for utvekslingsstudentar i komande semester.

Kva emne kan eg ta

Dersom du vil ta ein del av spesialiseringa di ved dette universitetet, må du velje emne som kan godkjennast som tilsvarande spesifikke emne ved UiB.

Følgjande emne i Madrid samsvarar med emne ved UiB:

  • Haust: Psiquiatría, Otorrinolaringología
  • Vår: Ophtalmology, Medicina y Cirugía Sistema Nervioso

Gjennomført undervising og bestått eksamen i desse emna er vurdert som tilsvarande 7. semester (MED7) ved UiB. Emnet Psiquiatría inkluderer noe praksis, men du må ha to veker ekstra praksis i psykiatri i Bergen for å få godkjent semesteret.

Merk at for å utveksle til Madrid må du vera ute eit heilt studieår (haust + vår). Me anbefaler derfor denne avtalen i hovudsak til studentar på B-kull. Haustsemesteret kan da tas i friterminen. Det kan sjå ut til at Madrid kan tilby tilsvarande 8. semester. Det vil da være mogeleg også for studentar på A-kull å utveksle til Madrid.

Studieavgift

Erasmus-studentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Studentrapportar

Flott bygning
Foto/ill.:
© Universidad Autónoma de Madrid

Informasjon