Hjem
Studentsider
erasmus+

Universidad de Santiago de Compostela og Institutt for geografi (ERASMUS+)

  • LandSpania
  • BySantiago de Compostela
  • Studieplassar1
  • StudienivåBachelor
  • AvtaletypeErasmus+
  • Lengde på opphald1 semester

Hovedinnhold

Om avtalen

Kven kan søke

Avtalen gjeld i første rekke for studentar på bachelorprogrammet i geografi. Andre interesserte studentar kan og søke, men blir prioritert etter geografistudentane. Du må ha avlagt 60 studiepoeng før avreise.

Når i studiet kan eg reise

Etter at du har avlagt 60 studiepoeng, kan du tilpasse utreisetidspunktet etter kva som passar med emna i utdanningsplanen. For bachelorstudentar tilrår vi utveksling i 4. og/eller 5. semester som frie studiepoeng.

Språk

Undervisningsspråk er spansk og galisisk. Omlag halvparten av emna blir undervist spansk, resten på galisisk. Både studentar og forelesarar står fritt til å snakka og skriva spansk eller galisisk.

Kva emne kan eg ta

Studentar som reiser på denne avtalen kan ta emne frå bachelorgraden i geografi og planlegging. Dei underviser både i samfunns- og naturgeografi. Det er også mogleg å ta emne frå andre fagfelt.

Bachelorstudentar: Dersom du skal ta frie studiepoeng, kan du velje emne fritt innanfor alle fagfelt ved universitetet. Dersom du skal ta deler av spesialiseringa i utlandet, må du velje emne som kan godkjennast som tilsvarande emne ved UiB. Det er ein føresetnad at kursa du vel ikkje overlappar nivåmessig eller innhaldsmessig med emne du har tatt tidlegare, eller planlegg å ta seinare ved UiB.

Studieavgift

Erasmus-studentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Studentrapportar

Grøn campus
Foto/ill.:
© Universidad de Santiago de Compostela

Informasjon