Hjem
Studentsider
erasmus+

Universidad de Santiago de Compostela og Kjemisk institutt (ERASMUS+)

  • LandSpania
  • BySantiago de Compostela
  • Studieplassar1
  • StudienivåBachelor
  • AvtaletypeErasmus+
  • Lengde på opphald1 semester

Hovedinnhold

Om avtalen

Kven kan søke

Avtalen gjeld for studentar som går på bachelorprogrammet i kjemi.

Når i studiet kan eg reise

Etter at du har tatt 60 studiepoeng kan du tilpasse utreisetidspunktet etter kva som passar med emna i utdanningsplanen. God planlegging er viktig for eit utbyterikt utvekslingsopphald.

Språk

Kva undervisningsspråk som gjeld for dei enkelte emna finn du informasjon om i emneskildringane. Det er naudsynt med gode språklege forkunnskapar for å følge undervisning på spansk. Vi anbefaler derfor i utgangspunktet at du vel emne som har engelsk som undervisningsspråk. Det er fleire måtar å førebu seg

Les meir om krav til forkunnskapar i språk på universitetet si heimeside: http://www.usc.es/en/perfis/internacional/programas/erasmus/estudantes_incoming.html

Kva emne kan eg ta

Ver merksam på at det er obligatoriske emne i andre og tredje studieår av bachelorprogrammet i kjemi som må dekkast inn under utvekslingsopphaldet. Det er derfor naudsynt å finne emne som kan erstatte dei obligatoriske emna du elles skulle ha tatt i same semester ved UiB. Ta tidleg kontakt med studierettleiar på e-post når du skal planlegge utvekslingsopphaldet ditt. Kontaktadressa er studierettleiar@kjemi.uib.no

Du kan òg velje emne som skal inngå som frie studiepoeng i bachelorgraden. Då kan du velje fritt mellom emna universitetet tilbyr. Det er ein føresetnad at emna du vel ikkje overlappar i innhald med emne du har tatt før, eller planlegg å ta seinare ved UiB. Ver merksam på eventuelle faglege forkunnskapskrav til emna.

Studieavgift

Erasmus-studentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Studentrapportar

Grøn campus
Foto/ill.:
© Universidad de Santiago de Compostela

Informasjon