Hjem
Studentsider
erasmus+

Universitat de València og Institutt for økonomi (ERASMUS+)

  • LandSpania
  • ByValencia
  • Studieplassar2
  • StudienivåBachelor
  • AvtaletypeErasmus+
  • Lengde på opphald1-2 semester

Hovedinnhold

Om avtalen

Når i studiet kan eg reise

Studentane må ha fullført 60 studiepoeng før avreise. Studentar ved bachelorprogrammet i samfunnsøkonomi vert råda til å dra på utveksling etter at dei har bestått 3. semester. Studentar ved profesjonsstudiet i samfunnsøkonomi og bachelorprogrammet i politisk økonomi vert råda til å ta utvekslinga i 4. semester.

Språk

Undervisningsspråk er spansk/katalansk og engelsk. Universitetet tilbyr språkkurs innan spansk/katalansk.

Kva emne kan eg ta

Universitat de València har eit godt utval emne for studentar innan samfunnsøkonomi, på både spansk og engelsk. Universitetet er også høgt rangert innan finansfag, og studentar på samfunnsøkonomi-avtalen kan også ta desse.

Studieavgift

Erasmus-studentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Studentrapportar

Grøn campus
Foto/ill.:
© Universitat de València

Informasjon