Hjem
Studentsider
erasmus+

Université de Caen Normandie og Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitenskap (ERASMUS+)

  • LandFrankrike
  • ByCaen
  • Studieplassar1
  • StudienivåBachelor og Master
  • AvtaletypeErasmus+
  • Lengde på opphald1-2 semester

Hovedinnhold

Om avtalen

Kven kan søke

Avtalen gjeld i fyrste rekke for studentar med gyldig studierett på bachelor- og masterprogramma i historie. Studieretten må vere gyldig i den perioden du er på utveksling. Andre interesserte studentar kan og søke, men blir prioritert etter historie-studentane. Ein må ha avlagt 60 studiepoeng før avreise.

Når i studiet kan eg reise

Etter at ein har avlagt 60 studiepoeng, kan ein tilpasse utreisetidspunktet etter kva som passar med emna i utdanningsplanen. God planlegging er viktig for eit utbyterikt utvekslingsopphald.

Språk

Undervisingsspråket er i hovudsak på fransk.

Det er nødvendig med språkkunnskaper på B2-nivå i fransk.

Dersom du ikkje har nok fransk-kunnskapar, finst det fleire måtar å førebu seg språkleg på før utreise. Sjå www.uib.no for info om språkkurs og språktandem. Hugs at eit utvekslingsopphald er ein unik sjanse til å skaffe språkkunnskapar du kan ha nytte av vidare i studia og i yrkeslivet.

Kva emne kan eg ta

Ved denne lærestaden kan du anten ta deler av spesialiseringa di eller du kan velje emne som skal inngå som frie studiepoeng i graden din.

Ønsker du å ta deler av spesialiseringa på utveksling må du velje emne som kan godkjennast som tilsvarande eit eller fleire spesifikke emne ved UiB. Vel du å ta frie studiepoeng kan du velje fritt mellom dei akademiske emna universitetet tilbyr. Emna kan ikkje overlappe med emne du har frå før.

Du kan få faglege råd om emnevalet undervegs ved å ta kontakt med studierettleiar@ahkr.uib.no

Studieavgift

Erasmus-studentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Studentrapportar

Informasjon