Hjem
Studentsider
erasmus+

Institut d'études politiques d'Aix-en-Provence og Institutt for sammenliknende politikk (ERASMUS+)

  • LandFrankrike
  • ByAix-en-Provence
  • Studieplassar2
  • StudienivåBachelor og Master
  • AvtaletypeErasmus+
  • Lengde på opphald1-2 semester

Hovedinnhold

Om avtalen

Kven kan søke

Studentar på samanliknande politikk og europastudium har fortrinn på plassane framfor studentar i administrasjon og organisasjonsvitskap/politikk og forvaltning og andre samfunnsvitskapelege fagområde.

Søkaren må ha tatt minimum 120 studiepoeng ved utreise. Det er mogeleg å søke for eit semester eller eit heilt år. Søkarar som ønsker å reise ut for eit heilt år blir prioriterte dersom det er fleire søkarar enn ledige plassar.

Når i studiet kan eg reise

Ein kan reise fra og med 5. semester for eitt semester eller hele året. Søkaren må ha tatt minimum 120 studiepoeng ved utreise.

Språk

Undervisningsspråka er fransk og engelsk. Sciences Po Aix krev B2-nivå i fransk (CEFR).

Institusjonen tilbyr fransk språkkurs til utvekslingsstudentar. Lånekassen har eit eige stipend ein kan søke for å få dekt utgifter til førebuande språkkurs i utlandet.

Kva emne kan eg ta

Sciences Po Aix tilbyr eit bredt spekter av samfunnsfag på engelsk og fransk, for eksempel innanfor statsvitskap, økonomi og jus. Full oversikt over emnetilbodet finn du på denne nettsida. Studentar som skal vere eit heilt år på Sciences Po-skolane, har mogelegheit til å ta Certificat d'Etudes Politiques (Certificate of Political Studies). Det gjeld eigne krav for dette.

"Lower division" emne er på bachelornivå, mens "upper division" emne er på masternivå.

Ein fulltidsstudent skal ta 60 ECTS per år. Emna utgjer normalt frå 2 til 8 ECTS. Det er ein føresetnad at emna du vel ikkje overlappar i nivå eller innhald med emne du har tatt frå før, eller planlegg å ta seinare ved UiB.

Studieavgift

Erasmus-studentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Studentrapportar

Informasjon