Hjem
Studentsider
erasmus+

Università degli Studi di Bologna og Matematisk institutt (ERASMUS+)

  • LandItalia
  • ByBologna
  • Studieplassar4
  • StudienivåBachelor, Master og PhD
  • AvtaletypeErasmus+
  • Lengde på opphald1-2 semester

Hovedinnhold

Om avtalen

Kven kan søke

Berre masterstudentar kan reise ut på denne avtalen. Studentar ved Matematisk institutt og lektorstudentar med matematikk som hovudfag blir prioritert dersom det er fleire søkarar enn plassar.

Studentar skal ha tatt 60 studiepoeng før avreise.

Det er normalt eit krav om minst C i gjennomsnittskarakter.

Når i studiet kan eg reise

Masterstudentar ved Matematisk institutt: Det er i utgangspunktet inga avgrensing for når i studieløpet du kan reise på utveksling. Ta kontakt med studierettleiaren din dersom du er i tvil om når du bør reise.

Lektorstudentar: Ta kontakt med studierettleiaren din for informasjon og råd om utveksling. Vanlegvis vil det passe best å reise ut i eit semester når du kan ta frie studiepoeng.Sidan denne avtalen berre opnar opp for utveksling på masternivå må du vere inne i ditt 4. eller 5. år når du reiser ut.

Språk

Undervisingsspråket er (hovudsakleg) italiensk. Universitetet krev at studentar har nivå A2 i italiensk og B1 i engelsk.

Kva emne kan eg ta

Utvekslingsstudentar kan normalt ta alle kurs så sant studenten har anbefalte forkunskapar og kurset ikkje har begrensa omfang plassar.

Matematisk institutt anbefaler at du diskuterer kva emne du skal ut saman med studierettleiar og/eller rettleiar eller annan vitskapleg tilsett før du søkjer om førehandsgodkjenning.

Bachelorstudentar: Dersom du skal ta frie studiepoeng, kan du velje emne fritt innanfor det fagfeltet som avtalen gjeld for. Det er ein føresetnad at emna du vel ikkje overlappar nivåmessig eller innhaldsmessig med emne du har tatt tidlegare, eller planlegg å ta seinare ved UiB. Dersom du skal ta deler av spesialiseringa i utlandet, må du velje emne som kan godkjennast som tilsvarande emne ved UiB.

Studieavgift

Erasmus-studentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Studentrapportar

Folk på campus
Foto/ill.:
© Università di Bologna-2013

Informasjon