Università degli Studi della Calabria og Matematisk institutt (ERASMUS+)
- LandItalia
- ByArcavacata di Rende
- Studieplassar4
- StudienivåBachelor, Master og PhD
- AvtaletypeErasmus+
- Lengde på opphald1-2 semester
Hovedinnhold
Om lærestaden
Om lærestaden og byen
Università della Calabria ligg i den sør-italienske bydelen Arcavacata i kommunen Rende, 320 meter over havet. Det blei stifta i 1972, og kommunen sine 30 000 innbyggarar blir nesten dobla viss ein reknar med studentane. Universitetet kan skryte av å vere det fyrste italienske universitetet som fekk campus. Denne ligg ved sida av ei 1,3 kilometer lang hengebru. Bygningane blei teikna av Vittorio Gregotti, som òg har teikna den olympiske stadion i Barcelona. Universitetet har vore oppteke av internasjonalisering sidan starten, og samarbeider mellom anna med OECD og FN-organisasjonane UNESCO og FAO. Blant universitetet sine æresdoktorar finn vi Silvio Berlusconi.
Regionen Calabria har om lag to millionar innbyggarar og ligg i «tåa» på det italienske fastlandet. Han er både kjend for mafiaverksemd og for sin vakre natur, med fjell og lang kystlinje.
Bustad
Universitetet har eigne studentbustader på campus. Utvekslingsstudentar kan sende søknad om bustad via universitetet sitt internasjonale kontor.
Semesterinndeling
Oktober - februar og mars - juni
Informasjon
- Hjemmesidehttps://www.unical.it/portale/
- Korleis søkeRettleiing om Søknadsweb
- Send søknad herSøknadsweb
- Kode i Søknadsweb7417
- FagnavnMatematikk