Università degli Studi di Genova og Institutt for informasjons- og medievitenskap (ERASMUS+)
- LandItalia
- ByGenova
- Studieplassar4
- StudienivåMaster og PhD
- AvtaletypeErasmus+
- Lengde på opphald1 semester
Hovedinnhold
Om lærestaden
Om lærestaden og byen
Università degli Studi di Genova er eit av dei største i Italia, og ligg i byen Genova på den italienske rivieraen. Det blei grunnlagt i 1481 og er i dag eit breiddeuniversitetet med rundt 40 000 studentar. Universitetet har fleire campusar rundt i regionen Liguria, men hovudcampusen ligg i Genova. Den blei etablert rundt år 1640 og utvida på 90-talet. Her finn ein framleis det første tricolore-flagget, som studentane bar gjennom Genova sine gater 10. september 1847 for å feire nasjonal sameining og jubileet for austerrikarane si flukt.
Genova er ein hamneby med kring 700 000 innbyggarar som ligg nord i Italia ved Genovabukta. Bynamnet kjem truleg frå ligurisk og tyder «kne», basert på geografien. Byen er kjend som fødebyen til handelsmannen og oppdagingsreisande Kristoffer Columbus, og har økonomisk i stor grad vore basert på handel via sjøvegen, og stålproduksjon. Han er stadig ein viktig by for italiensk næringsliv i dag.
Bustad
Ein kan søke om studentbustad på campus, men kapasiteten på bustader er ikkje i samsvar med etterspørselen, så det vanlegaste er å finne leilegheit på den private marknaden. Det lønner seg å vere tidleg ute.
Semesterinndeling
September - januar og februar - juni.
Informasjon
- Hjemmesidehttp://www.unige.it
- Korleis søkeRettleiing om Søknadsweb
- Send søknad herSøknadsweb
- Kode i Søknadsweb9799
- FagnavnInformasjons- og kommunikasjonsteknologi