Hjem
Studentsider
erasmus+

Università degli Studi di Milano og Institutt for informasjons- og medievitenskap (ERASMUS+)

  • LandItalia
  • ByMilano
  • Studieplassar2
  • StudienivåMaster
  • AvtaletypeErasmus+

Hovedinnhold

Om lærestaden

Om lærestaden og byen

Università degli Studi di Milano er eit av dei største universiteta i Europa med 65 000 studentar, fordelte på ni fakultet. Universitetet er den einaste italienske medlemmen i League of European Research Universities, eit konsortium av leiande forskingsintensive universitet i Europa. Til universitetet høyrer blant anna botaniske hagar, eit astronomisk observatorium og store boksamlingar fordelte på heile 87 bibliotek. Dei felste av universitetet sine bygningar ligg sentralt i Milano. Somme av dei er historiske bygningar frå 1400-talet.

Milano er den nest største byen, og sentrum for finans og handel i Italia. Byen er kjend for mote og design, samstundes som museum, landemerker og teater trekk til seg over seks millionar turistar årleg. Milano er òg heimby for to av verdas mest kjende fotballag, A.C. Milan og F.C. Internazionale Milano (Inter Milan).

Bustad

Ein kan søke om studentbustad via universitetet sitt internasjonale kontor. Det er òg mogleg å finne bustad på den private marknaden om ein er ute i god tid.

Semesterinndeling

Oktober - januar og februar - juni.

Studentrapportar

Informasjon