Hjem
Studentsider
erasmus+

Università degli Studi di Padova og Det medisinske fakultet (ERASMUS+)

  • LandItalia
  • ByPadova
  • Studieplassar4
  • StudienivåBachelor og Master
  • AvtaletypeErasmus+
  • Lengde på opphald1 semester

Hovedinnhold

Om avtalen

Kven kan søke

Avtalen gjeld berre for medisinstudentar.

Tal på studieplassar i avtalen gjeld for eit heilt år. Vær obs på at tal på plassar kan variere frå år til år avhengig av kapasiteten ved vertsinstitusjonen.

Når i studiet kan eg reise

Etter at du har bestått eksamenar tilsvarande minimum 60 studiepoeng, kan du tilpasse utreisetidspunktet etter kva som passar med emna i utdanningsplanen.

Eit utvekslingsopphald ved i Padova eignar seg imidlertid best for:

  • Medisinstudentar som har 9. semester på hausten.
  • Det vert undersøkt om ein enno kan reise på 7. semester på våren (merk: då førebels kun på italiensk - me er òg i diaglog med Padova om dei engelske emna, men dette er ikkje eit alternativ per august 2024).

Språk

Undervisningsspråket ved universitetet er italiensk. Ein engelskspråkleg studieplan vert òg implementert, og det vil vere mulig å prøve å søkje på denne frå og med 2024-25 for utveksling på 9. semester.

Ved avtale med Padova kan ein gjennomføre prakisopphald med rettleiing på engelsk. Dei anbefalar studentar likevel å opparbeide seg eit visst nivå av italienskkunnskapar for å kunne vere litt med i samtaler med pasientar.

Dersom du ikkje har nok språkkunnskapar, finst det fleire måtar å førebu seg språkleg på i forkant av utvekslingsopphaldet. Sjå UiB.no for meir informasjon om språkkurs og språktandem. Lånekassen har eit eige stipend ein kan søke for å få dekt utgifter til førebuande språkkurs i utlandet.

Kva emne kan eg ta

Dersom du vil ta ein del av spesialiseringa di ved dette universitetet, må du velje emne som kan godkjennast som tilsvarande spesifikke emne ved UiB. Du må altså ta emne som samsvarar med dei emna du elles skulle ha tatt ved UiB i same periode.

Universitetet i Padova har medisinutdanning både på engelsk og på italiensk.

Emne som kan sjå ut til å samsvare med emne ved UiB er:

  • HAUST: Mother and Child (engelsk) eller Pediatria, Ostetricia e Ginecologia (italiensk)

Obs! Denne emnekombinasjonen er kun mogeleg om hausten.

I ny studieplan samsvarar desse emna med teorien i 9. semester (MED9) ved UiB. Praksis i gynekologi, obstetrikk og pediatri kjem i tillegg, og kan organiserast i samråd med dei faglege ved vertsuniversitetet. Du må òg lese medisinsk genetikk på eigehand, og gå opp til digital eksamen i emnet MED9-GEN før, under eller etter opphaldet.

Studieavgift

Erasmus-studentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Studentrapportar

Inne i museum
Foto/ill.:
© Massimo Pistore/Università degli Studi di Padova

Informasjon