Hjem
Studentsider
bilateral

Monash University og Universitetet i Bergen (BILATERAL)

  • LandAustralia
  • ByClayton
  • Studieplassar99
  • StudienivåBachelor og Master
  • AvtaletypeBilateral
  • Lengde på opphald1-2 semester

Hovedinnhold

Om avtalen

Kven kan søke

Denne avtalen er i utgangspunktet open for alle UiB-studentar, gitt at ein kan finne emne som passar med studieplanen. Monash University krev eit karaktersnitt på C eller betre for å gi opptak, og ein må ha tatt minst 60 studiepoeng ved UiB før avreise. I tillegg må ein dokumentere engelskkunnskapar - enten med karakteren 4 eller betre i engelsk frå videregåande, eller i form av ein engelsktest som er godkjent av Monash University. Sjå meir under.

Når i studiet kan eg reise

Ta kontakt med studierettleiaren ved instituttet/fakultetet du studerer ved for informasjon om utveksling og råd om når det passar å reise ut.

Språk

Undervisningsspråket ved universitetet er engelsk.

Norske studentar slepp som regel unna engelske språktestar dersom dei har karakteren 4 eller betre i engelsk frå videregåande. OBS: vitnemålet kan ikkje vere eldre enn 5 år gamalt ved oppstart av studiane i Australia. Dersom ein ikkje har denne dokumentasjonen må studenten finne informasjon på nettsidene til Monash University om kva dokumentasjon for språkkompetanse universitetet krev.

Kva emne kan eg ta

Monash University er eit breiddeuniversitet med studietilbod innan dei fleste fagområde.

Det er ein føresetnad at emna du vel når du er på utveksling ikkje overlappar nivå- og innhaldsmessig med emne du har tatt tidlegare, eller planlegg å ta seinare ved UiB.

Studieavgift

UiB sin utvekslingsavtale med Monash University inneber at vi kan få friplassar dersom dei sender studentar til oss. Nokre av desse friplassane kan bli reservert for studentar frå Det psykologiske fakultet, dersom Det psykologiske fakultet har mottatt studentar frå Monash på korttidsprogrammet i psykologi.

Ved søknadsfristen 1. februar 2025 har UiB 10 semesters friplassar ved Monash University. På den eine friplassen vert studentar frå Det psykologiske fakultet prioritert.

Det er ikkje mogleg å søke om betalingsplass ved Monash University.

Merk: frå 1. juli 2024 auka australske visummyndigheiter kostnaden for å søke om visum til AUD 1600.

Studentrapportar

Grøn campus
Foto/ill.:
© Monash University

Informasjon