Hjem
Studentsider
erasmus+

Université Gustave Eiffel og Institutt for fremmedspråk (ERASMUS+)

  • LandFrankrike
  • Studieplassar2
  • StudienivåBachelor og Master
  • AvtaletypeErasmus+
  • Lengde på opphald1 semester

Hovedinnhold

Om avtalen

Kven kan søke

Avtalen gjeld for alle studentar på bachelor- og masterprogrammet i fransk som ønsker å ta emne innanfor fransk språk, litteratur og kultur. Det er eit krav at du skal ha bestått minst 60 studiepoeng før du avreise. Du må òg ha gyldig studierett på eit bachelor- eller masterprogram ved UiB i heile den perioden du er på utveksling.

Når i studiet kan eg reise

Bachelorstudentar i fransk: Det passar best å reise på utveksling i løpet av dei siste fire semestra av bachelorprogrammet.

Masterstudentar i fransk: Det passar best å reise ut i 2. semester av masterprogrammet.

Språk

Undervisningsspråket er fransk.

Lånekassen har eit eige stipend ein kan søke for å få dekt utgifter til førebuande språkkurs i utlandet. Sjå universitetet sine nettsider for meir informasjon om kva konkrete kurstilbod dei har, og eventuelt kva startdatoar som gjeld i komande semester.

Kva emne kan eg ta

Bachelorstudentar: Dersom du skal ta frie studiepoeng, kan du velje emne fritt innanfor det fagfeltet som avtalen gjeld for. Det er ein føresetnad at emna du vel ikkje overlappar nivåmessig eller innhaldsmessig med emne du har tatt tidlegare, eller planlegg å ta seinare ved UiB. Dersom du skal ta delar av spesialiseringa di i utlandet, må du velje emne som kan godkjennast som tilsvarande emne ved UiB.

Masterstudentar: Dersom du skal ta emne i kursdelen av mastergraden din, må du finne emne som kan godkjennast som tilsvarande, eller som erstatning for emne i kursdelen av mastergraden ved UiB.

Studieavgift

Erasmus-studentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Informasjon