Hjem
Studentsider
erasmus+

Vilnius University og Institutt for sammenliknende politikk (ERASMUS+)

  • LandLitauen
  • ByVilnius
  • Studieplassar3
  • StudienivåBachelor og Master
  • AvtaletypeErasmus+
  • Lengde på opphald1-2 semester

Hovedinnhold

Om avtalen

Kven kan søke

Studentar ved Institutt for samanliknande politikk har fortrinn på å reise ut gjennom denne avtalen. Søkarar frå andre fagområde kan vurderast om det er ledige plassar. Søkarar må ha tatt minst 60 studiepoeng ved utreise.

Når i studiet kan eg reise

Normalt passar det best å reise ut for eit heilt eller halvt år mellom tredje og sjette semester. Merk at eksamensperioden for haustsemesteret varer til slutten av januar.

Sjå fakultetet sine nettsider for meir informasjon, råd og anbefalingar om utveksling.

Språk

Undervisningsspråket er engelsk. Universitetet anbefaler at du har forskunnskapar tilsvarande B1-nivå etter EU sine retningslinjer for språkkompetanse (CEFR) i engelsk.

Kva emne kan eg ta

Universitetet i Vilnius tilbyr ei rekke emne innanfor blant anna politikk, historie og rettsvitskap. På denne nettsida finn du oversikt over emnetilbodet på engelsk.

Ein fulltidsstudent skal ta 60 ECTS per år. Kvart emne gir mellom 5-10 ECTS.

Studieavgift

Erasmus-studentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Studentrapportar

Informasjon