Hjem
Studentsider
erasmus+

Hochschule Magdeburg-Stendal og Det psykologiske fakultet (ERASMUS+)

  • LandTyskland
  • ByMagdeburg
  • Studieplassar2
  • StudienivåBachelor
  • AvtaletypeErasmus+
  • Lengde på opphald1-2 semester

Hovedinnhold

Om avtalen

Kven kan søke

Profesjonsstudentar i psykologi, og studentar på eit bachelor i psykologi ved Det psykologiske fakultet, som har bestått eksamenar tilsvarande 60 studiepoeng før utreise.

Når i studiet kan eg reise

Bachelor og masterstudentar reiser ut i den valfrie delen av sitt studieprogram, og profesjonsstudentar i psykologi kan reise ut i sitt 5. valsemester.

Språk

Undervisningsspråk er tysk.

Språkkrav: B1

Dersom du ikkje har nok franskkunnskapar, finst det fleire måtar å førebu seg språkleg på før utreise - sjå UiB.no for info om språkkurs og språktandem. Hugs at eit utvekslingsopphald er ein unik sjanse til å skaffa språkkunnskapar du kan ha nytte av vidare i studia og i yrkeslivet.

Kva emne kan eg ta

Psykologi på lågare grad (BA).

Bachelorstudentar: Dersom du skal ta frie studiepoeng, kan du velje emne fritt innanfor det fagfeltet som avtalen gjeld for. Dersom du skal ta deler av spesialiseringa i utlandet, må du velje emne som kan godkjennast som tilsvarande emne ved UiB.

Det er ein føresetnad at kursa du vel ikkje overlappar nivåmessig eller innhaldsmessig med emne du har teke tidlegare, eller planlegg å ta seinare ved UiB.

Dersom du er profesjonsstudent i psykologi kan du reise ut i ditt valsemester (5. semester) og ta valfrie emner. Du kan få faglege råd om emnevalet undervegs ved å ta kontakt med internasjonal koordinator ved fakultetet.

Emnetilbodet ved dette universitetet er presentert her:

Studies

Studieavgift

Erasmusstudentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Om lærestaden

Om lærestaden og byen

Fachhochschule Magdeburg-Stendal blei grunnlagt i 1991, og har i dag fem avdelingar i Magdeburg og to i Stendal. Om lag 5000 av dei totalt 6800 studentane held til på den nye storcampusen i Magdeburg. Fagtilbodet er størst innan praktisk retta fag.

Magdeburg er hovudstad i delstaten Sachsen-Anhalt, nordaust i Tyskland. Byen var ein av dei viktigaste byane i Europa i middelalderen. I dag har han rundt 240 000 innbyggarar. Stendal er ein småby med rundt 45 000 innbyggarar som ligg om lag 60 kilometer nord for Magdeburg,

Bustad

Det finst studentbustader både i Magdeburg og Stendal. Desse er drifta av den lokale studentsamskipnaden Studentenwerk. Det er òg mogleg å finne rimeleg prisa bustad på den private marknaden.

Semesterinndeling

Oktober - mars og april - juli.

Flott bygning
Foto/ill.:
© Fachhochschule Magdeburg

Informasjon