Hjem
Studentsider
bilateral

University of California, Berkeley og Det psykologiske fakultet (BILATERAL)

  • LandUSA
  • ByBerkeley
  • AvtaletypeBilateral
  • Lengde på opphald1-2 semester

Hovedinnhold

Om avtalen

Kven kan søke

Profesjonsstudentar i psykologi, og studentar på eit bachelor eller masterprogram ved Det psykologiske fakultet, som har bestått eksamenar tilsvarande 60 studiepoeng før utreise.

Når i studiet kan eg reise

Bachelor og masterstudentar reiser ut i den valfrie delen av sitt studieprogram, og profesjonsstudentar i psykologi kan reise ut i sitt valsemester i 5. semester og/eller i sitt 7. semester.

God planlegging er viktig for ei utbyterik utveksling.

Språk

Undervisningspråket er engelsk.

Studentar fra UiB slepp unna engelske språktestar, dersom ein kan vise til karakteren 4 eller betre i engelsk frå vidaregåande skule.

Kva emne kan eg ta

Emne på bacelor og masternivå i psykologi ved det psykologiske institutt, og emne på bachelornivå i sosiologi fra sosiologiavtalen med atterhald om tilbod og krav til forkunnskapar.

Bachelorstudentar: Dersom du skal ta frie studiepoeng, kan du velje emne fritt innanfor psykologi og sosiologi med forbehold om krav til forkunnskapar. Dersom du skal ta deler av spesialiseringa i utlandet, må du velje emne som kan godkjennast som tilsvarande emne ved UiB.

Masterstudentar: Dersom du skal ta frie studiepoeng, kan du velje emne fritt på masternivå innafor dei kursa som UC Berkeley tilbyr på masternivå ved det psykologiske institutt.

Det er ein føresetnad at kursa du vel ikkje overlappar nivåmessig eller innhaldsmessig med emne du har teke tidlegare, eller planlegg å ta seinare ved UiB.

Dersom du er profesjonsstudent i psykologi og vil ta ein del av spesialiseringa di ved dette universitetet, må du velje emne som kan godkjennast som tilsvarande dei obligatoriske emna på 7. semester av profesjonsstudiet. Du kan òg ta valfrie studiepoeng i ditt valsemester i 5. semester. Du kan få faglege råd om emnevalet undervegs ved å ta kontakt med internasjonal koordinator ved fakultetet.

Emnetilbodet ved dette universitetet er presentert her: http://bulletin.berkeley.edu/courses/psych/

Studieavgift

Studieavgifta for studentar som tek 15 credits per semester ligg for studieåret 2024/25 på USD 11 250. Dette er langt under UC Berkeley sine ordinære skulepengesatsar. Lånekassen gjev ekstra stønad i form av tilleggsstipend til å dekke utgiftane som oversitger ordinære skulepengar.

Ei avgift på USD 475 kjem i tillegg. Kostand for oblitorisk heleforsikring er $850 per semester. Her finn du info om kostnader.

bisp.berkeley.edu/program/costs

Studentrapportar

UC Berkeley campus sett ovenfra ved solnedgang, med utsikt mot havet
Foto/ill.:
Bihui - UC Berkeley

Informasjon