Hjem
Studentsider
bilateral

University of California, Berkeley og Institutt for økonomi (BILATERAL - Økonomi - BESAP)

  • LandUSA
  • ByBerkeley
  • Studieplassar3
  • StudienivåBachelor
  • AvtaletypeBilateral
  • Lengde på opphald1-2 semester

Hovedinnhold

Om avtalen

Kven kan søke

Bachelorstudentar eller profesjonsstudentar på bachelornivå ved Institutt for økonomi med minst B i snitt i spesialiseringa i samfunnsøkonomi. Det er ikkje mogleg å velje emne utanfor det økonomiske fagområdet.

Når i studiet kan eg reise

Studentane må ha fullført 90 studiepoeng før avreise, men kan søke før. Studentar ved bachelorprogrammet i samfunnsøkonomi vert råda til å dra på utveksling i 4. eller 5. semester. Studentar ved profesjonsstudiet i samfunnsøkonomi vert råda til å ta utvekslinga i 4. semester.

Språk

Undervisningspråket er engelsk.

Studentar fra UiB slepp unna engelske språktestar, dersom ein kan vise til karakteren 4 eller betre i engelsk frå vidaregåande skule.

Kva emne kan eg ta

Emne på bachelornivå i økonomi.

Studieavgift

Studieavgifta for studentar som tek 15 credits per semester ligg for studieåret 2022/23 på USD 10,355. Dette er langt under Berkeleys ordinære skulepengesatsar. Lånekassen gir ekstra støtte til å dekke studieavgifta.

Studentrapportar

Berkeley campus sett ovenfra ved solnedgang, med utsikt mot havet
Foto/ill.:
Bihui - UC Berkeley

Informasjon