Hjem
Studentsider
erasmus+uk

University of Southampton og Institutt for økonomi (ERASMUS+UK)

  • LandStorbritannia og Nord-Irland
  • BySouthampton
  • Studieplassar2
  • StudienivåBachelor
  • AvtaletypeErasmus+uk
  • Lengde på opphald1-2 semester

Hovedinnhold

Om avtalen

Kven kan søke

Avtalen gjeld først og fremst for bachelorstudentar ved institutt for økonomi, men andre interesserte studentar kan òg søke om å reise ut på avtalen.

Dersom det er fleire søkarar enn det er ledige plassar vil studentar frå Institutt for økonomi bli prioriterte.

Når i studiet kan eg reise

Studentane må ha fullført 60 studiepoeng før avreise. Studentar ved bachelorprogrammet i samfunnsøkonomi vert råda til å dra på utveksling etter at dei har bestått 3. semester. Studentar ved profesjonsstudiet i samfunnsøkonomi og bachelorprogrammet i politisk økonomi vert råda til å ta utvekslinga i 4. semester.

Språk

Undervisnignsspråket ved lærestaden er engelsk.

Universitetet krev ein språktest (IELTS, TOEFL e.l.) dersom du ikkje kan vise til minst 4 i engelsk fra videregående.

Studieavgift

Studentar som reiser på Erasmus-avtalar til Storbritannia får ikkje Erasmus-stipend på grunn av Brexit (Storbritannia er ikkje lenger med som programland i Erasmus-programmet), men treng ikkje betale studieavgift ved vertsuniversitetet. Alle utvekslingsstudentar skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Studentrapportar

Grøn campus
Foto/ill.:
© University of Southampton

Informasjon