Hjem
Studentsider
erasmus+

Masaryk University og Det samfunnsvitenskapelige fakultet (ERASMUS+)

  • LandTsjekkia
  • ByBrno
  • Studieplassar3
  • StudienivåBachelor og Master
  • AvtaletypeErasmus+
  • Lengde på opphald1 semester

Hovedinnhold

Om avtalen

Kven kan søke

Studentar ved Det samfunnsvitskaplege fakultet har fortrinn på plassane før studentar frå andre fakultet. Søkaren må ha tatt minimum 60 studiepoeng ved utreise.

Når i studiet kan eg reise

Du kan tilpasse utreisetidspunktet etter kva som passar med emna i utdanningsplanen din. Normalt passar det best å reise på utveksling mellom tredje og sjette semester av studiet.

Språk

Undervisningsspråka er engelsk og tsjekkisk. B2-nivå (CEFR) blir anbefalt.

Institusjonen tilbyr språkkurs til utvekslingsstudentar. Lånekassen har eit eige stipend ein kan søke for å få dekt utgifter til førebuande språkkurs i utlandet.

Kva emne kan eg ta

Faculty of Social Studies, som ligg i sentrum av Brno, tilbyr er rekke emne på engelsk kvart semester. Aktuelle fagområde er statsvitskap, europastudiar, miljøstudiar, sosiologi og psykologi. Her finn ein informasjon om alle engelske emne: https://czs.muni.cz/en/student-from-abroad/international-student-guide/course-catalogue

Ein fulltidsstudent skal ta 60 ECTS per år. Emna kan variere i storleik frå 1 til 20 ECTS. Det er ein føresetnad at emna du vel ikkje overlappar i nivå eller innhald med emne du har tatt frå før, eller planlegg å ta seinare ved UiB.

Studieavgift

Erasmus-studentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Studentrapportar

Interiør
Foto/ill.:
© Masaryk University

Informasjon