Hjem
Studentsider
erasmus+

Universidad de Málaga og Institutt for fremmedspråk (ERASMUS+)

  • LandSpania
  • ByMálaga
  • Studieplassar2
  • StudienivåBachelor
  • AvtaletypeErasmus+
  • Lengde på opphald1-2 semester

Hovedinnhold

Om avtalen

Kven kan søke

Avtalen gjeld for alle studentar på bachelor- og masterprogrammet i spansk språk og latinamerikastudium, og andre studentar som ønskjer å ta emne innanfor spansk språk, litteratur og kultur. Studentar skal ha avlagt minst 60 studiepoeng før avreise. Du må også ha gyldig studierett på eit bachelor- eller masterprogram ved UiB i den perioden du er på utveksling.

Studentar på bachelor- og masterprogrammet i spansk språk og latinamerikastudium vert prioriterte i fall det er fleire søkarar enn plassar.

Når i studiet kan eg reise

Bachelor i spansk språk og latinamerikastudium: best eigna for utveksling er dei siste fire semestra i studiet.

Master i spansk språk og latinamerikastudium: det 2. semesteret.

Studentar på andre program: sjekk med ditt studieprogram i kva semester du kan ta frie studiepoeng.

Språk

Undervisningsspråk er spansk og studentar må kunne dokumentere B1 i spansk.

Kva emne kan eg ta

Bachelorstudentar: Dersom du skal ta frie studiepoeng, kan du velje emne fritt innanfor det fagfeltet som avtalen gjeld for. Det er ein føresetnad at kursa du vel ikkje overlappar nivåmessig eller innhaldsmessig med emne du har teke tidlegare, eller planlegg å ta seinare ved UiB. Dersom du skal ta deler av spesialiseringa i utlandet, må du velje emne som kan godkjennast som tilsvarande emne ved UiB.

Masterstudentar: Dersom du skal ta emne i kursdelen av mastergraden din, må du finne emne som kan godkjennast som tilsvarande eller som erstatning for emne i kursdelen av mastergraden.

Studieavgift

Erasmus-studentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Studentrapportar

Grøn campus
Foto/ill.:
© Universidad de Málaga

Informasjon