Hjem
Studentsider
erasmus+

University of Ljubljana og Det medisinske fakultet (ERASMUS+)

  • LandSlovenia
  • ByLjubljana
  • Studieplassar2
  • StudienivåBachelor, Master og PhD
  • AvtaletypeErasmus+
  • Lengde på opphald1 semester

Hovedinnhold

Om avtalen

Kven kan søke

Avtalen gjeld berre for medisinstudentar.

PS: Grunna pågåande endringer i studieplanane ved universitetet i Ljubljana, er det diverre ikkje mogleg å søkje utveksling hit i studieåret 2025/26. Vi håpar å kunne sende studentar dit igjen i 2026/27.

Tal på studieplassar i avtalen gjeld for eit heilt år. Vær obs på at tal på plassar kan variere frå år til år avhengig av kapasiteten ved vertsinstitusjonen.

Når i studiet kan eg reise

Medisinstudentar kan reise på utveksling til Ljubljana i sitt 9. semester (MED9). Det er kun mogleg å reise ut i vårsemesteret, altså for studentar på B-kull.

Språk

Ved University of Ljubljana er undervisningsspråket i dei medisinske emna og clinical rotations som blir tilbydd Erasmus-studentar på engelsk.

Dersom du ikkje har nok engelskkunnskapar, finst det fleire måtar å førebu seg språkleg på før utvekslingsopphaldet. Sjå UiB.no for informasjon om språkkurs og språktandem. Hugs at eit utvekslingsopphald er ein unik sjanse til å skaffe seg språkkunnskapar du kan ha nytte av vidare i studia og i yrkeslivet.

Kva emne kan eg ta

Dersom du vil ta ein del av spesialiseringa di ved dette universitetet, må du velje emne som kan godkjennast som tilsvarande spesifikke emne ved UiB.

Følgande emne ved universitetet i Ljubljana samsvarar med emnekombinasjonar ved UiB

  • Vår: «Gynecology», «Obstetrics», «Pediatrics 1 and 2», «Practical medical genetics»

Det er anbefalt å ta fire veker ekstra klinisk praksis (clinical rotation)/ eller eit elektivt emne, men dette er ikkje obligatorisk.

Gjennomført undervising og bestått eksamen i desse emna er vurdert som tilsvarande 9. semester (MED9) ved UiB.

Haustsemester: «Ophthalmology», «ORL», «Nervous system» i kombinasjon med 1-2 uker praksis i «Oncology, geriatrics og rheumatology». Undervisninga i «ORL» og «Nervous system» kolliderer. Det er difor ikkje mogleg å ta tilsvarande 7. semester (MED7) i Ljubljana.

Studieavgift

Erasmus-studentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Studentrapportar

Flott bygning
Foto/ill.:
© University of Ljubljana/Zeljko Stevanic za IFP

Informasjon