Hjem
Studentsider
erasmus+

University of Ljubljana og Det samfunnsvitenskapelige fakultet (ERASMUS+)

  • LandSlovenia
  • ByLjubljana
  • Studieplassar1
  • StudienivåBachelor og Master
  • AvtaletypeErasmus+
  • Lengde på opphald1-2 semester

Hovedinnhold

Om avtalen

Kven kan søke

Studentar i sosialantropologi har fortrinn på å reise ut gjennom denne avtalen før studentar frå andre samfunnsvitskaplege fagområde. Du må ta minst 60 studiepoeng før du kan reise på utveksling.

Når i studiet kan eg reise

Du kan tilpasse utreisetidspunktet etter kva som passar med emna i utdanningsplanen din. Normalt passar det best å reise på utveksling mellom tredje og sjette semester av studiet.

Språk

Undervisningsspråka ved universitetet er engelsk og slovensk. Det er anbefalt at studentar som skal følgje undervisning på engelsk har kunnskapar tilsvarande B2-nivå etter EU sine retningslinjer for språkkompetanse (CEFR).

Kva emne kan eg ta

Department of Ethnology and Cultural Anthropology tilhøyrer Faculty of Arts. På laveregradsnivå tilbyr dei nokre utvalte emne for utvekslingsstudentar på engelsk innan etnologi og kulturantropologi. Alle andre emne på instituttet er opne. Studentar kan òg ta emne på slovensk med individuell rettleiing og emnelitteratur på engelsk. Spørsmål om emna kan rettast til koordinator ved instituttet.

Det er ein føresetnad at emna du vel ikkje overlappar i innhald eller nivå med emne du har hatt før eller planlegg å ta seinare ved UiB.

Studieavgift

Erasmus-studentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Studentrapportar

Informasjon