Hjem
Studentsider
erasmus+

University of Ljubljana og Kjemisk institutt (ERASMUS+)

  • LandSlovenia
  • ByLjubljana
  • Studieplassar2
  • StudienivåBachelor, Master og PhD
  • AvtaletypeErasmus+
  • Lengde på opphald1 semester

Hovedinnhold

Om lærestaden

Om lærestaden og byen

University of Ljubljana blei etablert i 1919 og er i dag eit stort universitet, med rundt 60 000 studentar. Det har eit breitt fagtilbod fordelt på i alt 23 fakultet og tre kunstfaglege akademi. Størsteparten av universitet ligg sentralt plassert i byen, men enkelte nyare tilskot til bygningsparken ligg litt i utkanten av sentrum.

Ljubljana har om lag 290 000 innbyggarar, og er hovudstad og største by i Slovenia Han ligg midt i landet, og har ei innhaldsrik historie, som spenner frå omkring år 2000 f.v.t. fram til i dag, og er prega av både germansk, slavisk og latinsk kultur. Byen har namn etter elva Ljubljanica, som har utløp her. Midt i byen ligg eit stort slott på ein fjelltopp.

Bustad

Det finst fleire studentbustader i nærleiken av campus der Erasmus-studentar har prioritet som søkarar. Det er stort sett snakk om rom i bustadblokker, som er delte mellom to eller fleire studentar. Det er òg gode sjansar for å finne rimeleg prisa bustad på den private marknaden i Ljubljana.

Semesterinndeling

Oktober - februar og februar - juli.

Studentrapportar

Flott bygning
Foto/ill.:
© University of Ljubljana/Zeljko Stevanic za IFP

Informasjon