Hjem
Studentsider
erasmus+

University of Ljubljana og Det psykologiske fakultet (ERASMUS+)

  • LandSlovenia
  • ByLjubljana
  • Studieplassar2
  • StudienivåBachelor
  • AvtaletypeErasmus+
  • Lengde på opphald1 semester

Hovedinnhold

Om avtalen

Kven kan søke

Studentar på eit bachelorprogram i psykologi eller pedagogikk ved Det psykologiske fakultet, som har bestått eksamenar tilsvarande 60 studiepoeng før utreise.

Når i studiet kan eg reise

Bachelorstudentar reiser ut i den valfrie delen av sitt studieprogram.

God planlegging er viktig for eit utbyterikt utvekslingsopphald.

Språk

Undervisningsspråk er slovensk og engelsk.

Språkkrav: B2 (engelsk).

Dersom du ikkje har nok engelskkunnskapar, finst det fleire måtar å førebu seg språkleg på før utreise, sjå uib.no for info om språkkurs og språktandem. Hugs at eit utvekslingsopphald er ein unik sjanse til å skaffe språkkunnskapar du kan ha nytte av vidare i studia og i yrkeslivet.

Kva emne kan eg ta

Psykologi på lågere grad (BA).

Bachelorstudentar: Dersom du skal ta frie studiepoeng, kan du velje emne fritt innanfor det fagfeltet som avtalen gjeld for. Dersom du skal ta deler av spesialiseringa i utlandet, må du velje emne som kan godkjennast som tilsvarande emne ved UiB.

Det er ein føresetnad at kursa du vel ikkje overlappar nivåmessig eller innhaldsmessig med emne du har teke tidlegare, eller planlegg å ta seinare ved UiB.

Department of Psychology - Information for exchange students - Department of Psychology | Oddelek za psihologijo | Filozofska fakulteta Univerze v Ljubljani

Faculty of Arts - Courses in English | Filozofska fakulteta Univerze v Ljubljani

Faculty of Social Work - Student mobility - Undergraduate students - LLP Erasmus programme - International cooperation - Research and development - english

Studieavgift

Erasmusstudentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Studentrapportar

Flott bygning
Foto/ill.:
© University of Ljubljana/Zeljko Stevanic za IFP

Informasjon