Hjem
Studentsider
erasmus+

Christian-Albrechts-Universität zu Kiel og Institutt for økonomi (ERASMUS+)

  • LandTyskland
  • ByKiel
  • Studieplassar2
  • StudienivåBachelor
  • AvtaletypeErasmus+
  • Lengde på opphald1-2 semester

Hovedinnhold

Om avtalen

Kven kan søke

Bachelorstudentar. Avtalen gjeld først og fremst for studentar ved Institutt for økonomi, men andre studentar kan også søke.

Når i studiet kan eg reise

Studentane må ha fullført 60 studiepoeng før avreise. Studentar ved bachelorprogrammet i samfunnsøkonomi vert råda til å dra på utveksling etter at dei har bestått 3. semester. Studentar ved bachelorprogrammet i politisk økonomi må finne kurs som kan erstatte dei aktuelle kursa i bachelorgraden sin, då dei ikkje har frie studiepoeng. Studentar på profesjonsstudiet i samfunnsøkonomi vert råda til å ta utvekslinga i 4. semester.

Språk

Undervisningsspråk er tysk og engelsk (avgrensa tilbod). Språkkravet er B1.

Kva emne kan eg ta

Kurs innan business og samfunnsøkonomi, i tillegg til andre fagretningar. Kurstilbod kan finnast her: http://www.international.uni-kiel.de/en/application-admission/application-admission/erasmus-incoming

Studieavgift

Erasmus-studentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Studentrapportar

Flott bygning
Foto/ill.:
© Christian-Albrechts-Universität zu Kiel/Jürgen Haacks

Informasjon